Hopp til hovedinnhold
  • Klima og natur

10 tips til ein meir miljøvenleg arbeidsplass

Publisert 15. februar 2016

Er du oppteken av å leve mest mogleg miljøvenleg i kvardagen, kvifor ikkje påverke arbeidsplassen din i same retning?

Forsking viser at ”grøne” bedriftsleiarar ofte fører til meir grøne arbeidsplassar. Nokre treng kanskje ein liten dytt. Her er tips til korleis du kan påverke arbeidsplassen din gjennom kollegaer og leiing.

1. Fly mindre

Jobb for at arbeidsplassen din skal erstatte flyreiser med videokonferansar dersom dette er mogleg. Dersom ein likevel må ut å reise, vel tog før fly og kollektivtransport før eigen bil.

2. Sykle til neste møte?

Jobb for at arbeidsplassen investerer i ein sykkel eller elsykkel som du og dine kollegaer kan bruke til og frå møter. Jobb også for at leiinga til dømes byggjer ut sykkelparkering i staden for bilparkering.

3. Grønare mat i kantina

Oppfordre arbeidsplassen til ein eller fleire kjøtfrie dagar i kantina. Å kutte ned på kjøtforbruket er eit enkelt, men svært nyttig klimatiltak.

4. Byt ut fossilbanken

Oppfordre arbeidsplassen din til å velje ein bankforbindelse og pensjonsordning som har grønare profil frå Etisk bankguide.

5. Vel miljømerka produkt

Foreslå at arbeidsplassen din kjøper inn miljømerka produkt. Sjekk Svanemerket for ulike typar produkt.

6. Oppgrader til grønare alternativ

Skal arbeidsplassen oppgradere datautstyr eller telefonar? Foreslå berbar pc før stasjonær, som er opp til 80 prosent meir energieffektive.

7. Nyt kaffi med godt samvit

Oppfordre arbeidsplassen til å kjøpe inn fairtrade og miljømerka kaffi, te og frukt.

8. Strekk deg mot eit papirlaust kontor

Print bare ut det som er nødvendig, og då på begge sider. Ferdig med eit dokument? Bruk baksida som notatpapir. Gjenvinn papiret når du er ferdig med det.

9. Resirkuler

Oppfordre til resirkulering dersom det ikkje finnast gode rutinar på dette. Be også kollegaene dine om å skru av utstyr og lys når dette ikkje er i bruk.

10. Bli eit Miljøfyrtårn

Framtiden i våre hender er Miljøfyrtårn og har godkjende miljøfyrtårnkonsulentar som rettleiar verksemder (private og offentlege) som ønsker å styrke sin miljøprofil ved å bli Miljøfyrtårn.