Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Det er noko med å kunne hauste sine eigne urter og grønsaker, så kvifor ikkje la det spire og gro i ein eigen parsellhage?

Fem tips til eit grønare burettslag

Slik kan du påverke burettslaget ditt til å bli grønt.

Slik kan du påverke burettslaget ditt til å bli grønt.

Det er mykje ein kan gjere for å få eit grønare burettslag. Her er forslag til tips og idear du kan ta med til styre og årssamlingar, for at burettslaget ditt skal bli grønast mogleg. 

Legg til rette for bildeling

Eit bra miljøtiltak er at burettslaget legg til rette for bildeling. Heilt konkret betyr det at parkeringsplassar knytt til burettslaget blir leigd ut til for eksempel Bilkollektivet eller Hertz bilpool. Spør etter elbil frå selskapet du kontaktar. Her er også ein oversikt over bildeleordningar i Noreg. Vulkan borettslag i Oslo har blitt med i eit elbilpool-prosjekt i Oslo, der fleire burettslag kan henge seg på.

Sats på energiforbetring og installer solceller på taket

Enova gir støtte til energitiltak som kan redusere energibruken i burettslag og sameige. Energitilskudd.no gir deg oversikt over aktuelle tilskotsordningar for energieffektivisering i heile Noreg (http://energitilskudd.no). I Oslo kan ein til dømes søke om støtte på inntil 40 prosent av installasjonen av eit solcelleanlegg gjennom Klima- og energifondet, som pilotburettslaget Enerhaugen har gjort. I 2015 fekk 77 husstander i Oslo tilsagn om pengar til solceller. I tillegg til solcellepanel kan ein også få støtte til andre tiltak som isolering, varmepumper eller vannbåren varme. Gjer som burettslaget på Rosenhoff og bli kvitt oljefyr. Les meir om støtte til energiforbetring i bustader i Oslo her.

Gro eigne grønsaker i parsellhage

Parsellhagar er svært populære, og til dømes i Oslo stod rundt 1.200 personar eller familiar på venteliste hos etablerte parsellhagar. Men om burettslaget ditt har mark til overs, kvifor ikkje lage ein eigen parsellhage? Les meir om parsellhagane i Oslo, og bli Norsk kolonihageforbund

Mykje hagejord inneheld torv, som kjem frå myrer. Bruken av torv i hagejord fører både til store utslepp av klimagassar og rasering av natur. Finn torvfri jord i Jordguiden.

Byt og del ting med naboen

Opprett ein gruppe på sosiale medier eller ein stad i blokka der naboar kan byte, selje eller gi bort ting ein ikkje har behov for lenger. Legg ut ting du sjeldan brukar som verktøy og utstyr på delingstenester som https://leieting.no/ og tips dine naboar om at dei kan leige til dømes drill frå deg.

Gjer ein innsats for biene

Det er estimert at nesten 1 av 10 villbier i Europa er utrydningstrua. Ved å plante insektvenlege plantar, til dømes ei blomstereng på taket eller ei blomsterkasse på altanen, så gjer ein livet til biene og humlene lettare. Les meir om redningsaksjonen for Oslo sine bier her og Pollinatorpassasjen som oppfordrar folk om plante ein blomstrande korridor gjennom Oslo (http://www.pollinatorpassasjen.no).

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte får vi gjort enda mer. Bli medlem i dag!

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 30 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -

Relaterte artikler