Hausting av regnvatn

Ei historie om pengar, makt og gjenerobringa av verdas viktigaste ressurs
Av Tonje Folkestad
Utgitt i samarbeid med FIVAS (Foreningen for internasjonale Vannstudier)
Samandrag
Hausting av regnvatn består som regel av små tiltak. Det er ikkje det same som at dei gjer liten nytte. Hausting av regnvatn kan brukast både i urbane og rurale strøk, i tørre og nedbørsrike område. Hovudprinsippet er at det er ”low tech”, og passar for menneske med lite kapital.
I Alwar-distriktet i Rajasthan, India, har 1000 landsbyar med omkring 700 000 menneske nytt godt av slike tiltak. Drikkevatnet har blitt lettare tilgjengeleg, og av betre kvalitet. Utbyttet frå jordbruket har blitt forbetra, og dei lokale økosystema er sunnare. Tiltaka er mange, små, og kostnadseffektive. Dei vert gjennomført med lokal arbeidsinnsats, og befolkninga, inkludert kvinnene, har styringa over arbeid og vatn.
Også i andre land er ein i ferd med å vekke til live gamle teknikkar, og kunnskap blir spreidd mellom ulike lokalsamfunn.
Norske styresmakter bruker svært lite av bistanden sin på lågkost-løysingar for vassforsyning.
Vatn er blitt storpolitikk, satsingsområde for store, transnasjonale selskap og tema på internasjonale oppmøte. Men dei fattige har ikkje pengar til å betale for vatn frå enorme dammar, borebrønnar, pumper og røyrleidningar. Dei har stort sett berre arbeidskrafta si. Med gamal kunnskap i ny bruk, er stadig fleire fattige no i ferd med å ta kontroll over sin del av grunnlaget for alt liv på jorda, nemlig vatn.

Bli med på tidenes klimadugnad!
Vis hva du gjør for klimaet og krev en tøffere klimapolitikk.
Bli med!Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 40 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!