Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til matkastelov!

361 000 tonn spiselig mat kastes årlig i Norge.
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Er papirpose meir miljøvenleg enn plastpose?

Papirposen er ikkje så miljøvenleg som den ser ut. Om du vil bere varene heim frå butikken på grønast mogleg vis, bør du leggje dei i eit handlenett du kan bruke mange gonger.

Papirposen er ikkje så miljøvenleg som den ser ut. Om du vil bere varene heim frå butikken på grønast mogleg vis, bør du leggje dei i eit handlenett du kan bruke mange gonger.

I Noreg brukar vi om lag 1 milliard plastposar kvart einaste år. Ein livssyklusanalyse frå 2009 samanliknar papir- og plastposar ut i frå kor mykje energi som skal til for å produsere posen, samt kor mykje miljøgifter som kjem av sjølve produksjonen.

Plast

Plastposar er laga av ikkje-fornybare ressursar som olje og naturgass. Råmateriale som blir brukt til produksjon av plastposar er polyetylen med høg tettleik (HDPE), låg densitet (LDPE) eller lineær låg densitet. Norske plastposar er som oftast laga av LDPE-plast, medan tynnare plastposar som ein finn meir av i Europa, er laga av HDPE-plast. Det er rekna ut at oljen som trengst for produksjon står for rundt 4 prosent av verdas totale oljeproduksjon. Plastposar er billegare å produsere enn papirposar, den kan brukast fleire gongar, samt resirkulerast. Nedbryting av plast i naturen tek på den andre sida ekstremt mange år, og på verdsbasis hamnar 96 prosent av plastposar på søppelfyllingar.

Papir

Papirposar er laga av massevirke frå tre, som er ei fornybar kjelde. På den andre sida må ein kutte ned trea for å ha materiale til produksjon av nye posar. Produksjonen baserer seg også på energi frå kol eller naturgass, etter fleire prosessar og store mengder energi frå fossile kjelder, elektrisitet og kjemikaliar.

Energi og forureining

Studien tek først og fremst føre seg total energi som trengst for å produsere ein pose i form av råstoff og energi, deretter kvantiteten på forureinande stoffar som slepp ut under produksjonen. I utrekninga er to plastposar samanlikna med ein papirpose, og det gir følgjande utslag:

  • Når det gjeld energibruk, trengs det totalt 1,680 kJ for å produsere ein papirpose, mot 1,470 kJ som det tek å produsere ein plastpose.
  • Når det gjeld forureining, så står papir for 50 gram fast avfall, 2,6 kg klimagassutslepp og 1,5 gram avfall i vatn. På den andre sida står plast for 14 gram fast avfall, 1,1 kg klimagassutslepp og 0,1 gram avfall i vatn.
    Så sjølv om posar laga av papir kjem frå ei fornybar kjelde og er biologisk nedbrytelege, krev dei meir energi å produsere og forureinar meir enn plastposar. Totalt sett kjem derfor plastposen hakket betre ut av analysen.

Gjenbruk

At plast er betre enn papir er også i tråd med fleire livsløpsanalysar. Ein studie frå 2014 finn også at gjenbrukbare LDPE-posar (som vi har mest av i Noreg) har mindre påverknad på miljøet enn til dømes tynnare plastposar og papirposar som berre blir brukt ein gong. Til og med når papirposen blir laga av resirkulert materiale, så har den større påverknad på miljøet enn alternativa. Ein livssyklusstudie frå 2011 finn at papir- og LDPE-posar burde gjenbrukas høvesvis tre og fire gongar for å ha eit lågare global oppvarmingspotensiale enn HDPE-plastposen. Studien konkluderer med at nøkkelen for redusere miljøpåverknaden er å gjenbruke posane så mange gongar som mogleg. Når ein ikkje lenger kan bruke posane som berenett så burde ein finne alternative bruksmåtar – som å bruke dei som søppelposar.

Lite forsøplingsproblem i Noreg

Om plastposen kjem best ut, som også ei norsk undersøking bekreftar, er det uansett viktigast at plastposen ikkje hamnar i naturen. Undersøkinga viser at bereposar i plast utgjer ei lite forsøplingsproblem i Noreg. Rundt 80 prosent av bereposane i plast blir brukt til avfall og svært få posar hamnar i naturen

 

Konklusjon: Papirposar er ikkje meir miljøvenleg enn plastposar.

Sjølv om papir kjem frå ei fornybar kjelde og er biologisk nedbrytelege, er plastposen meir miljøvenleg å produsere. Ein plastpose kan også brukast fleire gongar enn ein papirpose. Det beste miljøvalet for å redusere avfall og utslepp er å kjøpe færre posar, og bruke handlenett når ein er på butikken.

 

blog comments powered by Disqus