Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til matkastelov!

361 000 tonn spiselig mat kastes årlig i Norge.
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Kolkraftverk i Tianjin, Kina. Foto: Creative commons, Asian Development bank

Blir eit kolkraftverk opna i Kina kvar veke?

Eit argument som ofte dukkar opp i miljødebatten er at nye kolkraftverk blir opna i Kina ein gong i veka. Stemmer dette?

Eit argument som ofte dukkar opp i miljødebatten er at nye kolkraftverk blir opna i Kina ein gong i veka. Stemmer dette?

Etter økonomisk reform i Kina på 1980-talet, med ein medfølgjande ekspansjon av kolindustrien såg ein fram mot midten av 1990-talet ein massiv utbygging av kraftverk, der mesteparten kom frå kol. Det blir hevda at mellom 1997 og 2005 auka kraftproduksjon frå kol markant, med så mykje som 500 megawatt per veke, noko som tilsvarar eit medium stort kolkraftverk i veka. Desse tala er basert på offentlege tal, men totalen kan vere endå større. Korleis ser det ut i dag?

Størst utslepp, men kol på veg ned

Kina står i dag for verdas største klimagassutslepp og halvparten av verdas forbruk av kol. Kina har også dei største kolkraftverka i verda og nær 11.000 gruver. Kol står for om lag to tredjedelar av Kina sine utslepp. Underrapportering av kolforbruk har vore eit problem, men det er rekna at Kina vil nå utsleppstoppen i 2030. I desember 2015 kunne Det Internasjonale Energibyrået melde at etter eit tiår med stor vekst i forbruket av kol, så har etterspørselen stoppa opp. I 2014 var året då Kinas forbruk av kolkraft falt for første gong på eit tiår, då med 2,5 prosent. Trenden fortsette og tal frå januar 2016 viser at kolproduksjon var kutta med 3,5 prosent i 2015 og kolfyrt kraftproduksjon fell med 2,8 prosent. Importen av kol hadde då også gått ned med 35 prosent frå året før.

Stengjer 1.000 kolgruver

Den totale produksjonskapasiteten til Kina er vurdert å vere over 5 milliardar tonn årleg, men tala for kolproduksjon i 2015 endar truleg på 3,58 millardar tonn. Dette er ein nedgang på 0,5 prosent frå 2014. For å redusere kapasiteten planlegg derfor Kina å stengje 1.000 gruver i løpet av 2016, som er det same talet som i 2015. Kina vil samtidig ikkje opne ei einaste ny kolgruve dei neste tre åra. I tillegg planlegg ein storstilt oppgradering av kolkraftverk, der målet er reduksjon i forureining frå desse med 60 prosent fram mot 2020. Dette vil føre til ein reduksjon i bruk av kol med rundt 100 millionar tonn. Nye kolkraftverk som blir bygd slepp ut mindre utslepp og karbondioksid enn eldre.

Verdsleiande på solenergi

Kina er verdsleiande på solenergi etter at landet i 2015 gjekk forbi Tyskland i mengda installerte solenergikapasitet. Kina har no 43,2 gigawatt installert kapasitet, etter ein auke på 15 gigawatt i 2014. Det er også planlagt at Kina skal auke vind- og solenergikapasiteten til meir enn 21 prosent og ha minst 20 gigawatt nye vindkraftsinstallasjonar og 15 gigawatt med solenergikapasitet i løpet av få år. Ei rekkje kjernekraftanlegg vil også få grønt lys i Kinas kystregionar, ifølgje Bloomberg og det statlege nyhendebyrået Xinhua News Agency. Målet er vidare at 13,2 prosent av energiforbruket i Kina skal vere frå ikkje-fossile kjelder i løpet av 2016. I 2015 stod forbruket av ikkje-fossile energikjelder for 12 prosent.

Reduserte klimautsleppa

Det Internasjonale Energibyrået la nyleg fram dei førebelse utsleppstala for 2015, og desse viser stagnasjon i utsleppa for andre år på rad. Tidlegare stagnasjonar har vore kopla til låg økonomisk vekst, medan ein no kan takke stagnasjonen med fornybar kraftproduksjon. Dette blir særleg merka i Kina, der klimautsleppa i fjor blei redusert med 1,5 prosent. I tillegg er delen av kol i energisektoren minska frå 80 prosent til  mindre enn 70 prosent på fire år.Dette ser ein også ved at operative timar ved verka har hatt ein jamn nedgang sidan 2013.  På same tid har delen av fornybart i energisektoren auka frå 19 prosent til 28 prosent, der vatn og vind står for den største auken. Samtidig bør ein lese tala med ein klype salt, ettersom kinesisk energistatistikk har ein tendens til å komme i fleire versjonar.  

210 nye kraftverk

Sjølv med rekordsatsingar på fornybar energi og nedgang i forbruk og utslepp frå kol, viser ein fersk rapport frå Greenpeace at det blei gitt tillating til å bygge 210 nye kraftverk i 2015. I tillegg blei mellom 66 og 73 nye kraftverk med ein kapasitet på 73-79 gigawatt faktisk påbegynt. At Kina fortset med godkjenning og bygging av kraftverk blir forklart med at slike godkjenningar har blitt desentralisert til provinsnivå frå 2015. Kinas økonomiske modell og investeringsboom med store statlege investeringar for å skape økonomisk vekst forklarar vidare kvifor ein fortset å investere i kol. Rapporten snakkar om ei investeringsboble, og viser til at Kina har investert milliardar årleg i dårlege investeringar dei siste åra. Greenpeace påpeikar at dette nødvendigvis ikkje betyr meir forbruk av kol eller utslepp på kort sikt, men heller økonomisk sløseri og tapte moglegheiter til å gjere ytterlegare investeringar i fornybar energi. Det blir også nemnt at overkapasiteten vil føre til tap for kraftprodusentar, men at dette vil bli eliminert ved å stenge ned eldre anlegg, noko ein ser med til dømes kolgruver. Rapporten viser også til den store overkapasiteten på kol i Kina og at forbruket av kol er på veg ned. 

Konklusjon: Talet på godkjenningar og påbegynte kolkraftverk i 2015 gjer at det kan sjå ut til at det blir opna eit nytt kolkraftverk i Kina per veke. Det blir hevda at desse vil erstatte eldre kolkraftverk. Sjølv om Kina er står for halvparten av verdas forbruk av kol, så tek landet likevel store steg i retning av fornybar energi. Kina er verdsleiande på solenergi og reduserer kraftig i bruken av kol gjennom å minske forbruket og stenge gruver som gjer at utsleppa frå energiproduksjon og kol går ned. Operative timar ved verka har også gått ned sidan 2013.
blog comments powered by Disqus