Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for en rettferdig verden i økologisk balanse

Statlege kvotar sikrar kjøpefesten!

 Forbrukarane treng ikkj e å gjere noko for at Noreg skal nå klimamåla, meldte Aftenposten den 28. januar. Stoltenberg kjøper ti prosent meir kvotar enn vi treng for Kyoto-perioden frå 2008 til 2012, og staten og næringslivet tek rekninga.
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.
 Forbrukarane treng ikkj e å gjere noko for at Noreg skal nå klimamåla, meldte Aftenposten den 28. januar. Stoltenberg kjøper ti prosent meir kvotar enn vi treng for Kyoto-perioden frå 2008 til 2012, og staten og næringslivet tek rekninga.
Nettstaden E24 følgde opp: «Mindre bilkjøring hjelper ikke». Sosialøkonom (Gud, kva skulle vi gjort utan slike folk) Michael Hoel forklarer: «Hvis folk dusjer eller kjører mindre, slik enkelte oppfordrer dem til, vil det bare føre til at Finansdepartementet kjøper færre kvoter i utlandet». Statsministeren, også han sosialøkonom, sa det slik til Dag og Tid nokre dagar tidlegare: »Om vi reinsar ein million tonn CO2 i Noreg, frigjer det kvotar for utslepp ein annan stad i Europa, og det blir ikkje mindre utslepp.» Han heldt fram: «Men det viktigaste med eit kvotesystem er at det set eit absolutt tak for utsleppa og slik tvingar fram reduksjonar, og det set ein pris på klimagassutslepp som gjer det lønsamt å kutte.» Dette verkar logisk. Eg trudde rett nok at taket var lekk som ein sil – sidan berre ein tredel av utsleppa i verda vert regulert av Kyotoavtalen. Men eg tok nok feil, Stoltenberg har fleire vekttal enn meg i økonomisk teori.

At reduksjonane tvingar seg fram andre stader, høyrast fint ut. Slike kutt har visst tvinga seg fram lengje, det er jo mange kvotar å få kjøpt allereie frå både Kina, Afrika og Øst-Europa. Prisen vil derfor bli låg i mange år framover, same kor mange kvotar Stoltenberg kjøper. Men pytt pytt – kvifor gjere det til eit problem at kvotane er billege? Eg ser ikkje noko poeng i å dusje mindre om det ikkje er lønsamt. Noko kan eg vel gjere? Utsleppa frå flyreisene til utlandet fell utanfor kvotesystemet. Då bør eg kutte litt i Syden-feriane. Nei og atter nei! Miljøvernminister Solheim, som også er utviklingsminister, vil ikkje ha oss til å reise mindre for å spare miljøet. Vi må reise for å lære meir om verda, oppleve fantastisk kultur, og møte menneske med andre erfaringar enn oss sjølve, seier han til Aftenposten. Så lenge dei fleste på jorda ikkje har høg nok inntekt til å fly, vil dei sleppe ut så lite at vi med pengar og utdanning berre kan fly meir. Slik kan vi få greie på kva dei har bruk for dersom dei skal få litt meir utvikling – særleg no når klimaet endrar seg. Når stadig fleire har kome seg ut av fattigdomen og får råd til kvotar, vil også dei kunne reise hit for å oppleve vår fantastiske forbrukskultur!

Sjølv vil eg ta ein liten pause i klimakampen fram til Kyoto-perioden er slutt i 2012 – kanskje enno lenger. Det kjem mest an på om vi også då har ei raus regjering som kjøper fleire klimakvotar enn vi treng – gjerne på billegsal.

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 38 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -