Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for en rettferdig verden i økologisk balanse

Møte med Kinas miljøbevegelse

KOMMENTAR: I oktober/november 2002 besøkte en delegasjon av Folkevett-lesere Kina, blant annet for å møte representanter fra den  kinesiske miljøbevegelsen og for å skaffe seg større innsikt i de dramatiske forandringene som foregår i verdens mest folkerike nasjon. En av deltakerne, Synnøve Åmdal, gir glimt fra sin første reise til midtens rike.

Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.

KOMMENTAR: I oktober/november 2002 besøkte en delegasjon av Folkevett-lesere Kina, blant annet for å møte representanter fra den  kinesiske miljøbevegelsen og for å skaffe seg større innsikt i de dramatiske forandringene som foregår i verdens mest folkerike nasjon. En av deltakerne, Synnøve Åmdal, gir glimt fra sin første reise til midtens rike.

Ein må lystre ordre, sa bestefar.
Bestemor ba han dra til Peking.
(Sitat frå mannen min.)

Og nå har eg gjort det utan ordre, lokka av annonsen i Folkevett. Eg er sikker på at me på denne turen har opplevd ting som ikkje andre kinareisande har. Og me kom alle vel heim, etter det eg veit, og takk for det.

Måndag 28.oktober

Me blei møtt av den norske kinesaren Ying som losa oss til bussen. Ute av flyhallen såg me ei lang rekke av raude flagg. Me er i Kina! Så møtte me ”Peter”, guiden med flagget til Kinaspesialisten. Det gjekk fort å kome seg til Grand View Garden Hotel der me skulle sove ut etter flyturen. Men leiaren forsto at det ikkje var lett å sove på tom mage. Klokka 10.30 møttes me i foajeen og gjekk i flokk til ein restaurant like ved med store raude lykter langs heile framsida. Unge menn og fine jenter bukka oss inn til to store runde bord med glasplate me kunne dreia på midten. Me fekk straks te i ein liten bolle. Bordet var dekka med små asjettar, bolle til ris og suppe, skjei og spisepinnar og ein liten serviett. Fordi me var turistar fekk me ein gaffel også. Først kom det små fat med kalde rettar, mykje lettkokte grønsaker, så kom varme, kjøtt, kylling, fisk. Ute i måltidet kom risen som me åt lite av etter kvart. Me er som byfolk som kom på landet i gamle dagar: dei åt to kjøttkaker og ei potet, ikkje som ein skulle: to poteter og ei kjøttkake. Som barn lærte eg at det var fråtseri. Suppa kom mot slutten av måltidet, ofte grønsaksuppe med kål og samanvispa egg i. Me fekk godt øl i store glas og eldvatn i små glas. Me skåla for at me var vel framme. Eg lærde meg av med sukker i teen. Alle matrettane hugsar eg ikkje, men det var alltid over 10 fat pluss ris og suppe og melon i passe små bitar med ein tannpirkar i. Me åt og sveivde på glasplata, katastrofe, av og til velta eldvatnet når nokre av fata stakk for langt ut. U-hu – men den uheldige fekk raskt påfyll.

Tilbake på hotellet gjorde eg iherdig forsøk på å sova i den engelsk oppreidde senga, men fann ut at eg ikkje måtte sløsa bort Kinatida. Tora var flink til å lage te. Kokande vatn og teposar var alltid på rommet. Me såg ut i ein liten hage med buskar, vatn, eit lite oppbygd fjell og fine hellegangar.

Klokka 15.30 satt me i bussen og kjørte til den Himmelske freds plass der mange studentar demonstrerte i 1989 – og ein del blei drepne. Snakk om himmelsk fred..

Bussar og drosjer tråklar seg fram, folk går over alle stadar, ventar mellom bilane og kjem seg vidare. Me kjørte langs mange fine gater med høge flaggstenger der vimplar med  skriftteikn blafra.
På plassen var oppussinga til den 16. partikongressen i gang, den som starta 09.01. Den dagen me skulle ha reist heim. Det var vind og kaldt, ca  4gr. Celsius. Eg hadde kledd meg som i januar heime. Dragar i alle fasongar flagra og flaug høgt opp i lufta..

Deretter ein rundtur i eit  kinesisk marknadsområde. Det mørkna. Mange var på veg heim frå arbeid. Ofte sat barnet, deira einaste dyrebare, på sykkelen. Me gjekk i vegen for syklistane. Peter hadde ein treg flokk å halde greie på. Han held jamt oppteljing. I den smale gata var butikkar med mat, kler og alle slags bruksting.  I eit vindauge var ein skulptur av den siste keisarinna i gul kjole og med ein bukkande tenar med eit fat. Ho ville ikkje køyra bil, for då måtte ho sitta bak sjåføren!
Gatene blei smale, det blei slutt med butikkar. Me kom forbi privathus – murhus med stablar utanfor av kol, pressa på storleik med ein fiskebolleboks og ein ring med ca. 2 cm store hol lenger inne. Det blir fæl røyk, men kva skulle dei brukt?

Onsdag 30. oktober

kjørte me til Global Village. Organisasjonen har kontoret sitt i 6.etg. i ei blokk utan heis. Ved inngangen sto væpna vakt.  President for GVB Sheri Xiaoyi Liao fekk Sophie-prisen i 2000 for arbeidet sitt med vern av miljø i Kina. Ho var ei karismatisk kvinne som i meir enn ein time fortalte om arbeidet sitt. Ho må vera diplomatisk for ikkje å koma i unåde hos dei styrande. Ho har også reist mykje. Var i Johannesburg på den store FN- konferansen i 2001. Organisasjonen har få innskrivne medlemmar. Pengar får dei av sponsorar. Det liknar på det norske miljøheimevernet sitt.

Torsdag 31. oktober

var me i ein anna miljøorganisasjon: Friends of Nature. Ledaren var professor. Det var også ein liten organisasjon, mest akademikarar, som ikkje hadde noko ønske om å bli større. Me satt på små stolar og krakkar og høyrde han fortelja (tolka til engelsk, og litt til norsk av Jing). Dei arbeidde spesielt med å få verna trua dyreartar. No var det ein gul apekatt i Sør-Kina som var i faresona. Me kjøpte kort og fekk kvar si nål.

Etter lunch reiste me til foreldra til Jing (guiden). Dei var begge universitetsprofessorar og hadde budd på universitetsområdet. Som pensjonistar måtte dei flytte og fekk 500000 yuan av staten til leilegheit. Kosta ho meir, måtte dei ha pengar sjølve. Her dreidde det seg om 300000 til. Leilegheita var i 9.etg. i ei ny blokk. Eg synes å hugse dei sa at ho var ca. 130 kvadratmeter. Der var fint. Alt nytt fordi det dei hadde hatt, tilhøyrte staten. Mor hans serverte te og mykje deilig kinesisk knask. Jing hadde hjelpt til med å få leilegheita i stand. Det er langt bort å ha barnebarnet sitt i Noreg. Kona hans He Dong, skriv bøker og dikt. Trur det var henne eg høyrde i radioen på P2 10.11. mellom kl.7 og 8 om morgonen.
Så kjørte me til der syklane stod. Dei som ville fekk seg ein sykkeltur til Den Grøne Landsbyen. Det såg lett ut. Dei som sykla såg strålande ut. Me andre hadde det bra i bussen som brukte lang tid for å finne ein parkeringsplass.

”Landsbyen” var 18 store blokker.
 Alle som bur her har forplikta seg til å leve etter ein ny livsstil:

· bruke vatn om att, til vatning, golvvask m.m.
· sparepærer, sparedusj
· sortera søppel
· reparera ting
· gjere frivillig arbeid for fellesskapet i blokka

I møterommet fekk me høyre om organiseringa i dei frivillige gruppene å sjå ting dei bruka i aktivitetar. Alle kvinnene som var der snakka med stor entusiasme om arbeidet sitt, for eksempel å hjelpa dei gamle, ta seg av barn etter skuletid og halde det fint i parken som var mellom blokkene. Det hang plakatar for å styrke dei rette haldningane. På ein sto det: Eit barn er nok. Hugs familieplanlegging. Ei blokk hadde fått premie fordi den hadde så mange innmeldte i Partiet.

Laurdag 2. november

Toget gjekk kl. 22.39 og var framme i Zhengzhou 06.31.
Ny by og ny buss som kjørte oss til eit hotell der me fekk frukost. Det var godt å få mat etter natta. Her var det kinesisk frukost med supper, kokte grønsaker og mange slags bakevarer. Så køyrde me til ”landsbyen” Naijiecun der dei har valt å behalda jordbrukskollektivet som i Maos tid. Me kom inn på ein stor plass med 4 lange bygningar og blei ført inn i ein møtesal med store skinnstolar med eit lite bord i mellom, rundt alle veggane. Eg blei sittande rett mot formannen. Etter helsinga, tok han til å tala om kollektivet. (Blei tolka til engelsk, me sat og høyrde ca. 1 ½ time mens me drakk varmt vann).

Kommunen har 24 undergrupper. Det blir venta at alle er nyttige for samfunnet. Her er alt fritt. Alle har fritt bryllaup og bryllaupsreise og får nøkkel til eiga leilegheit når dei kjem heim. Gravferden blir også betalt for, så her er ikkje bruk for pengar. Alle skal få utdanning. Løna er  låg, 100–250 pr. mnd., men gode velferdstilbod. De som bur her bind seg ved kontrakt, 3 el. 6 år. Medlem blir ein etter søknad. Viktige punkter:
· Me trur på sosialismen
· Me ønskjer eit lykkeleg liv, ikkje å bli rik
· Dei som er rike, er ikkje alltid lykkelige
· Alle kan kjenne seg trygge
Kriminaliteten er høg i andre deler av Kina. Ikkje her. Me kan ikkje venta på å bli lykkeleg, men må arbeide hardt for det. Arbeide hardt etter sosialistiske prinsipp. Alle arbeidar for fellesskapet og ikkje for seg privat. Gåver blir tatt imot og er til alle. Her er heller ikkje noen korrupsjon. Privat eigedom er rota til alt vondt. Den må elimineras.
Her er
· Ingen privat eigedom
· Alt tilhøyrer samfunnet/fellesskapet
· Alle har dei same tinga
· Maos tankar er grunnlaget
· Maos tankar er korrekt
Maos tankar er kjernen. Marknadskreftene er utanfor, som ein firkant inne i ein sirkel..

Under talen kom to jenter inn og fylte kokande vatn i koppane våre mange gonger. Eg tenkte på boka av dansken Jens Branner: Kina i kulturrevolusjonen. 1975. Kinesarane måtte vakta orda sine. Det dei trygt kunne gjera, var å lovprisa Mao for at han hadde gjeve alle kinesarane ei termosflaske så dei kunne ha kokande vatn med seg.
Endelig slutta talen, han fekk ei bok om Noreg, og me gjekk til ein spisesal over vegen, forbi ei kjempestor Mao-statue i vegkrysset. Det var som alltid god kinesisk mat. Eg sakna ikkje den norske.
Så kom den store fotograferinga. Alle stilte opp ved Mao og guiden tok bildar. Den vesle biltrafikken som var, svinga utanom. Inne på gata kom ei kvinne med ein pose maisstenger og gav oss. Bjørn fekk heile posen og delte med oss alle.
Me blei ført inn i ein stor utstillingssal. Her var bildar frå utviklinga i kollektivet, trofear frå konkurransar dei hadde vunne. Me reiste og såg på drivhus. To jenter sat og prikla frø med pinsett. Men der var stille, det var jo sundag. I eit anna drivhus var alle slags planter me kjøper til jul. Der var også fiskedammar inne i drivhuset.
Guiden fortalde at då kollektivbruka blei oppløyste, fekk kvar familie ca.1 mål for å dyrka til eige bruk. Dei er flinke og nyttar kvar centimeter.
Me vitja også ein aldersheim som høyrde til kollektivet, trur eg. Reint og fint murhus. Høgt under taket og to på kvart rom, ikkje noen dør, berre eit forheng. Ei kvinne hadde eit stort Jesusbilde på veggen. Skulle vore interessant å vite kvar ho hadde blitt ein kristen. I fellesrommet sat fleire kvinner med brettspel. Andre såg på TV. Dei hadde også ein fin uteplass.
Me fekk også sjå inn i leilegheita til ein bonde. Han budde i ei 4 etasjes blokk og hadde det fint med stove, kjøkken, bad, 2 soverom. Her budde altså mor, far, barn, tante og bestemor. Dei sto alle utanfor å smilte. Midt i gata var det bygd ein stor gangveg slik at alle kunne gå trygt.

Måndag 4. november

Denne dagen skulle me køyre tilbake til Zhengzhou og ta toget til Xi`an kl.1700 og vere framme i Xi`an kl. 23.57.

Me stoppa ved ein landsby. Det blei høgdepunktet på turen for meg. Der var det ekte dagligliv og ikkje turistopplegg. Me kom forbi ein fabrikk med gjerde rundt. Porten open. Eg såg inn. Der var sekker med fjør heilt opp til taket. Inne i garden låg det ein sekk med mange farga fjør rundt – no veit eg kvar fastelavensfjøra kjem frå. Det var subbete der me gjekk, det rauk og lukta vondt frå ein fabrikk. Ei dame kom ivrig bort og snakka med Ying då me kom. Ying sa at folk i landsbyen hadde sendt så mange klager på røyken, så no håpa ho at det var ein delegasjon frå myndigheitene som skulle gjera noko med problemet.
Me sto ved eit murhus med ei stor svart tavle på veggen. Der blei det skrive opp ting, slik som:
- Dersom eit ektepar var så dumme at dei fekk meir enn eit barn.
- Forbruk av straum blei notert
- Det same gjorde det om noen hadde gjort ein ekstra innsats

Me fekk koma inn eit hus med fliser i fine fargar. Ute var det ein gardsplass. Der sto ein liten svart hund og bjeffa, rasande eller redd. Der var klessnorer og grisehus med 6 fine grisar og kolbrikettar.  Me fekk også sjå inne. Der var ei fin stove med seng og TV. Eg veit ikkje kva dei jobba med. Men det var snilt å sleppe inn 22 store framande menneskjer.

Borte ved vegen mellom husa var det mange små spisse haugar. Det var gravplassar, sa guiden. Me såg fleire gravsteiner, men ikkje for kvar grav. Lenger bort fekk me koma inn i ein annan heim. Også her sto husa rundt ein firkanta gardsplass. Det var ei trapp opp til taket, der sto ein vasstank. Kanskje med regnvatn?  Innerst på gardsplassen var stova. Eg såg ei seng og vaskemaskin. Dersom ein må bera vatn inn og ut, er det kanskje ikkje så stor nytte i maskina. Ved sida av var ei kvern, der sto mannen å mol korn. Eg trur kverna blei driven av ein bensinmotor. Her kunne folk få male kornet dei dyrka. Dei hadde også ei finstove med mange pynteting. Til å sitta på var det små krakkar. Taket var av fletta matter i panamabinding. På den eine sida av gardsplassen var det eit grisehus der det låg 3 fine reine grisar og sov søtt inntil kvarandre. Eg såg noen som arbeide i ein grønnsakshage og ei kvinne som sorterte reddikkar etter farge.
Utanfor strøymde folk til – og mange unge menn. Kanskje dei var arbeidslause? Med dei gamle kvinnene kunne eg kommunisere med fingrane om alder. Dei skrytte av at eg såg ung ut til å vere 73 år. (Guiden var her.) Her var også unge kvinner med barnet, gullklumpen, i armane.
Så fekk me lov å koma inn på skulen, eit 2 etasjes hus. Der var 7 klasser med 20 barn i kvar. Dei eldste var i 2. etg. Det ringde inn då me kom. Straks byrja ei skråling av ein anna verden, men då eg kom inn til dei små, var det berre det at alle las høgt frå læreboka. Boka var på kinesisk med engelsk tekst ved sida. Eg tenkte på forteljinga ”ein skuledag i gamle dagar”. Dei kinesiske barna las, eller skreiv kinesiske teikn etter ei bok. Alle hadde knekk på peikefingeren. Tenk så flittige kinesarane er. Når dei kan engelsk, blir dei nok ei verdsmakt. Det var enkelt utstyrt. Men det er ikkje utstyret som er det viktigaste, men at borna høyrer på det som læraren har å fortelja å gjer dei oppgåvene dei får.
Utanfor ville Toril vise ei som strikka med kast korleis ho gjorde det utan kast. Eg følte eit veldig fellesskap, godt å vera midt blant landsbyfolka. Helsa dei frå meg, dersom noen kjem dit att.
Ute på vegen køyrde me forbi noen kjempelass med halm. Tru kva dei brukar den til? Nærmare Zhengzhou gjekk det tregt. Det kom av at ein bil hadde kjørt på raudt lys ved ein bom. Politiet var alarmert. Eit trafikkuhell førte også til at bussen snigla seg fram.

Torsdag 7. november

var det møte i den norske ambassaden i Beijing. Der fekk me ei god innføring om miljøarbeid i Kina, og samarbeid mellom Noreg og Kina av miljøråd Leiv Landroe. Han snakka om at Beijing er eit vindauge ut mot verden. Derfor brukast mye pengar på sentrumsområdet. Det er enorm forskjell mellom folk. Politikken er at noen må bli rike først. Noreg kjøper forbruksvarer som er billige å grunn av den billige arbeidskrafta. Forureininga er eit stort problem. Kol står for 70 % av energien. Det er litt gass.. Vatn blir lite reinsa. Landbruket har stor avrenning. Berre 5 % av dette blir reinsa. Det er også få restriksjonar på bruk av sprøytemiddel. Industrien har problem. Mange småbedrifter stenges, og ein kan oppleva demonstrasjonar av arbeidslause. Det er liten bearbeiding av avfall.
Av positive ting kan ein nemna treplanting i Nord- Vest Kina. Det er også forbode å hogge tre i ein del områder. Ein har teke til å undersøke biologisk mangfald og det er satt i gang miljøprosjekt. Det arbeidast med både sol og vindkraft.

Om kvelden var det avskjedsmiddag med den berømte Peking anda på menyen på ein like berømt restaurant. Mange store statsmenn hadde vore der og det hang bildar av dei i ein lang gang. Her var også bilde av Gro H.B.. Inne fekk me plass rundt to bord. Det kom kalde rettar og varme rettar. Så kom kokken som skar opp den brunglaserte anda. Endene blir fora opp i nord der det er rett mat for dei.

Fredag 8. november

tok me fatt på den lange flyturen heim. Og den gjekk fint. Eg fekk sjå Muren og Baikalsjøen og tenkte på Tsarens kurer, seinare såg eg Volga. Sov innimellom og fekk mye god mat og drikke. I Helsinki var det god tid til handling.
Nydelig å kome til Gardermoen der me blei møtt av Bjarne, mannen til Tora. Han kjørte meg til dotter mi i Drammen. Dagen etter tok eg eit tomt tog heim til Kristiansand.

Bli med på tidenes klimadugnad!

Bli med på tidenes klimadugnad!

Vis hva du gjør for klimaet og krev en tøffere klimapolitikk.

Bli med!

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 40 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -