Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for en rettferdig verden i økologisk balanse

×

Advarsel

JUser: :_load: Kan ikke laste bruker med id: 2084

Etikk for det 21. hundreåret

Liksom dei fleste av oss naturleg får empati for dei som lir urett mellom våre næraste, må vi utvikle empatien vår til òg å kunne innlemme dei som om 100 år på den andre sida av kloden kjem til å lide på grunn av oljeforbruket ditt og mitt i dag, skriv Alfred Fidjestøl i denne kommentaren.

Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.

Liksom dei fleste av oss naturleg får empati for dei som lir urett mellom våre næraste, må vi utvikle empatien vår til òg å kunne innlemme dei som om 100 år på den andre sida av kloden kjem til å lide på grunn av oljeforbruket ditt og mitt i dag, skriv Alfred Fidjestøl i denne kommentaren.

KOMMENTAR: All tradisjonell etikk er gått ut på dato. Det hevdar den tyske miljø-filosofen Hans Jonas (1903-1993). Kvifor får vi dårleg samvit når vi kjem for seint på jobben, men ikkje når vi flyg på ferie til Sør-Frankrike? Kvifor vert vi rasande om nokon slår eit barn på gata, men likegyldige når vi høyrer at regjeringa legg opp til ytterlegare å auke oljeutvinninga? Hans Jonas meiner svaret på desse spørsmåla ligg i misforholdet mellom konsekvensane av dei nye handlingane våre og føresetnadene for den tradisjonelle etikken. I den teknologiske sivilisasjonen har makta vår over verda auka så dramatisk, at rammene for den tradisjonelle etikken er sprengde. Samvitet vårt, den moralske intuisjonen vår og oppfatningane våre av kva som i det heile er moralske spørsmål, heng fast i den tradisjonelle morallæra. Å snakke om CO2-forbruk i moralske termar, vert moralisme. Det vert å dytte moralske kategoriar inn i ein sfære der dei ikkje høyrer heime.

Samtidsetikk

Alle dei overleverte etikkane er i fylgje Jonas ulike formar for «samtidsetikkar» og «naboetikkar». Alle dei ulike etikkane opp gjennom religions- og filosofihistoria har stillteiande hatt som føresetnad at dei som er relevante for etikken, er våre næraste, dei vi er i lag med her og no, dei vi kan fornærme, glede, slå og drepe. Men i vår tid har summen av handlingane våre konsekvensar som når så uendeleg mykje lenger, både i tid og rom. Den moderne teknologien har gjeve oss heilt nye krefter og moglegheiter. Dei fjerne og langsiktige konsekvensane er vortne etisk relevante.

Dette representerer ein ny grunn-situasjon for all moralfilosofi. Aldri tidlegare har etikken måtta reflektere over kva konsekvensar handlingane våre vil kunne få om 100 år på andre sida av jorda. Med dei tradisjonelle etikkane har vi med det beste samvitet kunna øydeleggje planeten og svelte i hel millionar av menneske, fordi vi er lærte opp til å fokusere på dei nære og kortsiktige konsekvensane. Den nye situasjonen roper etter ein ny etikk; Hans Jonas freistar å svare! I sitt seine hovudverk, Das Prinzip Verantwortung (Prinsippet ansvar), frå 1979, skisserer han grunntrekka til ein etikk for det 21. hundreåret.

Nye plikter

Jonas kallar etikken sin ein ansvarsetikk. I fylgje Jonas vil kunnskap spele ei mykje viktigare rolle i ansvarsetikken enn i tidlegare etikkar. Kva som er rett og gale og godt og vondt i denne etikken er ikkje ei sak for den einskilde åleineog hennar samvit og etiske refleksjon. Det føreset til dels avansert vitskapleg kunnskap. Ingen kunne på førehand tenke seg at drivgassen i moderne kjøleskåp kunne tynne ut ozonlaget i stratosfæren. Ingen hadde høyrd om drivhuseffekten då fossile energikjelder fyrst vart tekne i bruk. Vi er i etisk forstand overlatne til vitskapen på ein heilt ny måte. Vi har difor ei plikt til å skaffe oss kunnskap, ikkje berre som ei individuell fordring om å skaffe oss kunnskap om dei langsiktige følgjene av handlingane våre, men òg på samfunnsnivå har vi plikt til å prioritere vitskaplege forskingsprogram om dei langsiktige, moglege konsekvensane av inngrepa våre.

Men kunnskapen om dei framtidige konsekvensane vil aldri kunne verte total. Plikta til kunnskap vert berre meiningsfull om vi aksepterer at det alltid vil vere eit element av uvisse i tilknyting til denne kunnskapen. Vi må difor lage oss nokre prinsipp for korleis vi skal handtere denne uvissa.

Mellom anna meiner Jonas at vi må gje dei dårlege prognosane førerang framfor dei gode, fordi følgjene dersom dei dårlegaste prognosane skulle slå til er utan samanlikning meir alvorlege enn følgjene dersom det i ettertid skulle vise seg at vi utan grunn hadde sett i verk tiltak. Sjølv relativt låg risiko kan rettferdiggjere radikale tiltak. Vi må handsame det usikre som om det var sikkert.

Dessutan er vi ansvarlege for emosjonelt å ta innover oss dei konkrete lidingane som ligg i andre enden av handlingane våre. Liksom dei fleste av oss naturleg får empati for dei som lir urett mellom våre næraste, må vi utvikle empatien vår til òg å kunne innlemme dei som om 100 år på andre sida av kloden kjem til å lide på grunn av oljeforbruket ditt og mitt i dag. Ordskiftet omkring den menneskeskapte drivhuseffekten vert oftast veldig teoretisk. Det handlar om alternative scenarium for temperaturutvikling, om utsleppskvoter, reduksjonsforpliktingar, tal og prosentar. Det er ei moralsk fordring å sjå bak desse tala. At vi ser for oss ansikta til dei som om hundre år må flykte frå heim og grunn på grunn av flaum. At vi kjenner smerta til dei som svelt når breane i Himalaya er smelta forgodt og dei livgjevande elvane er tørrlagde. Vi må gje desse ansiktslause offera for våre handlingar eit ansikt i vår eiga førestelling.

Lite innblikk

Dette er sjølvsagt berre eit lite nnblikk i nokre av tankane til Jonas. Jonas dreiv med mykje meir enn miljøfilosofi, og miljøfilosofien hans inneheld mykje meir enn desse strøtankane. I Tyskland vart skriftene hans ei viktig inspirasjonskjelde for den grøne rørsla. Das Prinzip Verantwortung selde utrulege 200 000 eksemplar berre i Tyskland.

Dessutan er livet hans ei spanande filosofisk forteljing. Dei personlege røynslene hans er eit vitnesbyrd om nokre av dei verste aspekta ved det 20. hundreåret, som tyskfødd jøde, elev av den seinare nazisten Martin Heidegger og soldat på alliert side – mot sitt eige heimland – under andre verdskrigen. Eit fascinerande aspekt ved Jonas som filosofer korleis alle dei personlege røynslene hans fargar, endrar og kastar om på filosofien hans. Livet hans og tekstane hans lèt seg ikkje skilje.

I år er det 25 år sidan Das Prinzip Verantwortung kom ut. Bodskapen er diverre meir aktuell enn nokon gong.

* Alfred Fidjestøl er filosof og arbeideri Klassekampen som kronikk- og debattredaktør. Han er forfatter av boken «Hans Jonas» som ble utgitt på Universitetsforlaget i vår.

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 38 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -