Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

×

Advarsel

JUser: :_load: Kan ikke laste bruker med id: 62

Der naturen er spiskammer

Dei karelske busetnadene har vore seigliva, men bygdene er truga av sentralisering og kraftutbyggjing. Her ligg mange verneverdige hus, men hus treng folk. Og folk treng eit leverbrød for å bli verandre på landsbygda.
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.
Dei karelske busetnadene har vore seigliva, men bygdene er truga av sentralisering og kraftutbyggjing. Her ligg mange verneverdige hus, men hus treng folk. Og folk treng eit leverbrød for å bli verandre på landsbygda.


Viena heiter den nordlege delen av den karelske delrepublikken i Russland. Etter at grensa vart opna i 1990, er det blitt mogleg å taka snarvegen frå  Finland til Viena som ligg mellom finskegrensa og Kvitsjøen.
Landet som ikkje berre låg bak eit slør, men bak sjølvaste jarnteppet, er no tilgjengeleg, og det er mogleg å ferdast etter dei same vegane som karelske kjøpmenn og finske folkeminnegranskarar nytta. Etter å ha kryssa finskegrensa, går vegen gjennom skogkledt landskap langsmed myrar og innsjøar.

Når dei første grendene kjem til syne, er det noko kjent som møter augo. Dette har eg sett før, eg har sett det på fotografi som folkloristane tok for meir enn hundre år sidan. Det er dei same tømmerhusa, same skigardane og same båtane på stranda.

I Jyskyjarvi skjønar eg at landevegen ikkje er den viktigaste ferdselsåra, for her ligg båtane på rekkje og rad på stranda. Fiskegarna som heng på alle naustvegger, vitnar om eit fiskerikt vassdrag, og elva har lagt frå seg slam og skapt grøne grasvollar der krøtera går og beiter. I Jyskyjarvi, som elles i Viena, er all busetnad langsmed elvar og vatn. Vatnet er livsgrunnlaget.

Nytt samkvem

Det bur i alt 1000 menneske i Jyskyjarvi, kan Tamara Kalenova, som er lærar her, fortelja. Eg ymtar forsiktig frampå om ho trur nokon kan gjera seg nytte av barnekleda som eg har to fulle sekker av. Dei er frå den finske frelsesarmeen sitt bruktutsal. Ho forvissar meg om at det ikkje skal verta vanskeleg å finna brukarar.

– Det er vanskelege tider no, seier ho. – Det er dårleg både med mat og klede i mange heimar. Arbeidsplassane er blitt borte, og pensjonistane må venta månadsvis på den vesle pensjonen dei får utbetalt. Før hadde vi skulemåltid som var gratis for elevane. Det er det slutt på, og det er ikkje alle elevane som har råd til å eta på skulekantina, for no må dei betala. Bøker og skrivesaker er ikkje gratis lenger heller. Det skaper vanskar for undervisninga, og det er ikkje lite skulemateriell eg kjøper av eiga lomme, men det er ikkje all verda eg maktar, for lærarlønene er låge.

Som alle andre her, dyrkar ho sjølv det som familien treng av potet og grønsaker. I tunet står drivhus med agurk og tomatplanter, og ho har tatt fram grønsakene. Det er ikkje berre familien som skal ha mat på bordet hjå Tamara Kalenova, for ho er av dei som tek imot farande folk. Det er mykje som er inkludert i prisen når ein får seg losji her. Etter badstu med bjørkeris og dukkert i elva, er det kveldsmat, og dei mange fiskeslaga som Kemielva hyser, kjem på bordet. Og så går praten om russisk politikk og om det karelske språket som har hatt vekslande kår både i skule og samfunnsliv. Ho kan fortelja at det har vore ulike syn på om det bør undervisast i finsk eller karelsk. I 1950-åra hadde finsk ei sterk stilling, men seinare måtte det vika for russisk som vart meir og meir dominerande  i skulen.

Perspektivlaus og verneverdig

Ein liten trebåt med påhengsmotor vert skuva frå land, og ferda går mot Paanajarvi. Turen tek seks timar. På heile båtturen er det ikkje eitt hus å sjå, og trafikken er ikkje større enn at det er ei kjærkomen avveksling kvar gong det er eit framand menneske å sjå.

Så kjem hus til syne. Alle står med gavlen mot elva, slik skikken er i Viena. Dette er Paanajarvi, og vi går i land. Vi er venta, det ryk alt frå badstua, og eimen av steikt fisk siv ut gjennom døra til kjøkenet. Her vert maten laga på vedomn sommar som vinter. Elektrisiteten er berre for radio, tv og ei lyspære i taket.

Ved bordet som Anna Popova har dekt, sit òg Markku Nieminen frå Finland. Han er den finske initiativtakaren til berging av Viena og vienakulturen.

– World Monuments Watch har Paanajarvi på lista si over dei hundre mest verneverdige kulturminna som er truga, seier han om bygda.

– Kva er det som trugar Paanajarvi?

– Det mest akutte er neddemming av bygda. Det er planlagt eit fjerde kraftverk i Kemielva, og det inneber kunstig innsjø her. Planen er ikkje ny, men den økonomiske krisa har hindra iverksetjinga. Noko som har gjeve oss tid til å koma med alternative planar.

– Og dei går ut på?

– Dette, seier han og legg på bordet eit dokument på 65 sider. Det er ein handlingsplan for Viena, og er utarbeidd av ein komité samansett av representantar både frå finsk og russisk side, og både finske og russiske (karelske) styresmakter har fått dokumentet. UNESCO godkjende prosjektet som eitt av deira kulturprosjekt på 1990-talet. Støtta frå UNESCO er lengd og står ved lag.

– Og dette er nye tankar?

– Ja, det bryt med tidlegare politikk. På 1960-talet rådde sentraliseringsideen i heile Sovjet. Då vart bygdekollektiva sentraliserte til store statsbruk. Det førte til avfolking i dei små grendene, som styresmaktene definerte som ”perspektivlause”. Paanajarvi står oppført på lista over dei ”perspektivlause”. Også på 1990-talet vart statsbruk sentraliserte til større sentra. Her i Paanajarvi vart bruket, som stod for både jordbruket og skogbruket, lagt ned. Arbeidsplassane vart borte, og nye er ikkje komne i staden. Alle i yrkesaktiv alder flytte. No er det berre pensjonistar att her i dei 85 heimane som bygda omfattar. Skule, postkontor og butikk er vekk.

– Men husa er verneverdige?

– Ja, World Monuments Watch definerer alle hus her som verneverdige. Som du ser, utgjer dei ein arkitektonisk heilskap. Men hus treng folk. Det ville vera absurd å freda alle desse husa dersom det ikkje vert mogleg for folk å bu i dei. No vil vi få til nytt liv i grendene.

– Korleis?

– Næringslivet er det første. Folk må ha eit levebrød. Då er det viktig å sjå på dei ressursane som fins her. Dei tre hjørnesteinane her har alltid vore jorda, skogen og vatnet. No er mange av kollektivbruka nedlagde, men korleis kan det verta privatdrivne gardar når ikkje eingong grunneigarspørsmålet er avklara? Dette hastar det å gjera noko med, slik at primærnæringane kan koma i gang att. Fisket er òg viktig, og det er urimeleg at det skal ofrast for at distriktet skal eksportera elektrisk kraft til sentrale strok.

Fisken vart borte

– Det vart ikkje laks, seier mannen i huset, Vasilij Popov, når vi rosar fiskemåltidet. – Då dei bygde kraftverka, vart det laga laksetrapper, og dei lova at laksen skulle koma som før. Slik gjekk det ikkje. Elva er ikkje den ho var. Før kraftverka kom, fløytte vi tømmeret heilt til Kvitsjøen, seier han som gjennom eit langt liv var arbeidsformann på fløyteelva. Han er ein stilfarande mann som ikkje skryter. Det er det kona, Anna, som står for:

– Vasilij har støtt vore slik ein dugande arbeidsmann, og ein flittig fiskar og jeger. Han kvir seg ikkje for å ta til skogs no heller.

– Er du ikkje redd for ulv og bjørn?

– Nei, svarar han roleg, endå han ikkje har tal på kor mange gonger han har møtt rovdyra. Og så minner Anna ungdomane på at det er på tide badsturiset for vinteren vert skore. Det skal gjerast ei veke eller to etter jonsok, og no er vi på juli. Det er ei tid for alt, som den vise kong Salomo sa, ikkje minst når ein skal leva av naturen.

Det ævelege krinslaupet

– Diktsongen og den munnlege forteljetradisjonen var kunnskapsformidling før skuleverket var utbygd. Nettopp fordi skulen med lese- og skrivekunnskap kom seint til Viena, faktisk ikkje før på 1900-talet mange stader, heldt den munnlege tradisjonen seg levande fram til vår tid, seier Nieminen når vi har bladd oss fram til avsnittet om kunst og kultur. Ansvaret for utveklinga av karelsk språk og kultur vert no lagt på skuleverket.

– Her er òg planar for både restaurering og nybygg av kyrkjer og kapell, noko vi ser er i full gang.

– Ja, karelsk kultur er uløyseleg knytt til den ortodokse tradisjonen. Då kristendomen vart innført, tok kyrkja opp i seg mange tradisjonar frå førkristen tid. Difor er det ofte vanskeleg å seia kva som er karelsk og kva som er kristen tradisjon. Den ateist­iske ideologien i sovjettida slo heller ikkje rot  i sjeledjupet, og i dag ser vi korleis den religiøse opplevinga av naturen og livet kjem fram i fullt monn. Tsasounaen som ein her kallar bygdekapella, må få sin rettmessige plass når Viena skal gjenreisast.

I sovjettida hende det fleire stader at tsasounaen vart teken i bruk som fjøs, eller vart riven, og tømmeret nytta til nye føremål. Dette skar nok mange i hjarta, men likevel ikkje så djupt som når det aller heilagaste, gravplassen, vart vanheidra. I Vuokkiniemi vest for Paanajarvi, er det reist ei himmelhøg fjernsynsmast på den eldste gravplassen. Dei eg talar med om dette, seier at det ikkje har gått ustraffa, for aldri i manns minne har det vore slike lynnedslag som etter at denne masta kom opp.

Karelarane har stor vyrdnad for dei avlidne, og på gravplassen må ein ferdast varsamt, for alt der høyrer dei avlidne til. Ein må ikkje bryta ein kvist eller plukka eit bær. Gravminna som er av tre, står så lenge naturen tillet det. Når dei rotnar, så får dei rotna på staden, og restane vert ikkje rydda bort, men går attende til jord. Og det er på gravplassane den gamle diktsongtradisjonen har vore lengst praktisert i form av den såkalla ”gråtesongen”. Framleis møter ein gamle koner som ved gravene framfører denne songen, og på den måten talar med den avlidne. Dei har ofte med seg mat og drikke som dei deler med dei som er gått bort, så difor står det gjerne koppar og kar på gravene.

Og dette er alvor, det er ingen folklore som vert framført for å lokka turistar. Turist er enno eit ukjend omgrep for dei gamle, her vert alle mottekne som gjester. Enno.


Splitta land

Den gongen dei norske vikingane herja i Karelen, var det eit grenselaust land. Men på l600-talet møttest stormaktene Sverige og Russland her og delte landet mellom seg. Folket som hadde sams språk og kultur, kom under kvar sitt politiske herredøme, og medan dei fleste på finsk side vart tvinga over til den lutherske læra, vart tsaren sine undersåttar verande ortodokse. Såleis utvekla det seg ei kulturkløft mellom aust og vest.

Diktsongen

Dei karelske kjøpmennene som reiste over kulturkløfta mellom aust og vest, hadde ikkje berre silkety i sekken sin, dei bar òg med seg songar og forteljingar. Når handelen var gjort, sette dei seg ned og framførte lange episke songar. Det var songar som i vest langt på veg var gått i gløymeboka. Då finnane på 1800-talet hadde si nasjonale oppvakning, vende dei difor augo mot Viena. Språkforskarar og folkeminnegranskarar valfarta austover der dei samla og skreiv ned folkedikting som levde i munnleg tradisjon. Den mest kjende er lækjaren Elias Lönnrot som samla materialet sitt i eit verk som han gav namnet Kalevala, og som har fått undertittelen ”Finlands nasjonalepos”. Det kom ut i 1835. Etter Lönnrot kom komponisten Jean Sibelius og biletkunstnaren Akseli Gallen-Kallela.

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 35 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

Relaterte artikler