Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

×

Advarsel

JUser: :_load: Kan ikke laste bruker med id: 62

Hardangervidda: Villrein mot bil

Regjeringa vil ha vinteropen veg over Hardangervidda. Tilhengarane av Hardangerbrua jublar. – Opprørande, seier miljøvernarane. Villreinen blir ei fanesak for miljøpolitikken.
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.
Regjeringa vil ha vinteropen veg over Hardangervidda. Tilhengarane av Hardangerbrua jublar. – Opprørande, seier miljøvernarane. Villreinen blir ei fanesak for miljøpolitikken.


«Miljøvern skal veie tyngst i all planlegging», – står det i ei ny pressemelding frå Miljøverndepartementet. Er dette berre festtale, Siri Bjerke?
– Nei, planprosessen er ikkje unnagjort på nokre få døgn. Den er i gang for RV-7. Vi har fleire miljøomsyn. Det tyngste er villreinen. Eit anna omsyn er konsekvensane med endra køyremønster og vesentleg lengre køyreveg.

– Forsvarleg løp

Er det i tråd med prinsippet om «føre var» å tilrå: «at RV-7 over Hardangervidda holdes vinteråpen, foreløpig i ett år.»?

– Det er viktig å halde på «føre var prinsippet». Spørsmålet om vinter­open/stengd veg har vore element i fleire politiske prosessar, ikkje minst gjennom vedtaket om stamvegen Bergen-Oslo. Dette må fylgjast opp. Vi vil i arbeidet framover ta utgangspunkt i vurderingane frå naturforvaltings-direktoratet og sikre at desse får tyngde i prosessen. Vi skulle ynskje at det gjekk fortare, men vi meiner at vi har lagt eit forsvarleg løp. Miljøomsyn i samfunnsplanlegginga tar tid, seier statsråd Bjerke til Folkevett.

Tid har det tatt. Våren –92 vedtok Stortinget at stamvegen Bergen-Oslo skulle gå via Sogn og Fillefjell. Då skulle ein ta stilling til vinterdrifta av vegane Hardangervidda og Aurland-Hol. Vegdirektoratet har enno ikkje laga grunnlag for endeleg vedtak. Lærdalstunnelen vert opna i november. Med det er det etablert ferjefri stamveg Bergen-Oslo.

– Kuvending

– Det er trist at miljøvernministeren talar for å halde Hardangervidda vinteropen. Det er ingen grunn til det no lenger. Villreinen er trua. Problema er alle dei små inngrepa som kvar for seg kan verke uvesentlege men som til saman øydelegg villreinen sitt leveområde. Vi klagar når andre nasjonar truar sjeldne dyr. Når dei hogg regnskog for å bygge ut industri. Dette er verste sort dobbeltmoral. Få, om noko land har same høve som oss til å velje miljø framføre kortsiktig forretningsøkonomi, seier Einar Håndlykken, leiar i Natur og ungdom.

– Dette er opprørande og nedslåande! Miljøvernministeren skulle vera naturen sin advokat. Det er ei «kuvending» i forhold til haldningane då Gro-regjeringa og Stortinget gjekk inn for å bygge Lærdastunnelen. Regjeringa hadde trengt ei fanesak å markere miljøprofil på. Villreinen ville vore ei god sak, seier Erik Solheim, leiar i Norges naturvernforbund.

Få, om nokon, kjenner denne saka betre enn saksbehandlar Per Nordø i Norges Miljøvernforbund. Dei kjem også med den hardaste kritikken. Forbundet sende ein 30 sider lang rapport til miljøvern- og samferdsel-ministeren. I brevet som ligg ved rapporten heiter det at dei vil: «påvise og dokumentere hvordan tilhengerne av Hardangerbro og fortsatt brøyting av Vidda tilsidesetter, fortier viktige premisser og på en utilbørlig måte driver en tendensiøs og manipulativ saksutredning.»

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 35 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

Relaterte artikler