
Miljøsmart grilling
Fleirbruksgrill og grøne freistingar gjer grillinga meir miljøvenleg.

Fleirbruksgrill og grøne freistingar gjer grillinga meir miljøvenleg.
Det er lite som toppar det å nyte eit betre måltid ute i det fri. Her er tips til korleis du vel miljøsmart grill og grillmat:
Vel fleirbruksgrill
Svanemerket meiner at kolgrill er det beste alternativet, medan gassgrill eller elektrisk grill er eit alternativ som forureinar lufta mindre. Forskjellane er små, det viktigaste er at du vel fleirbruksgrill.
Vel rett kol
Sjekk at kolet kjem frå sertifisert skog - Svanemerka eller FSC, og dropp tennvæska, bruk brikkettar, konglar eller grillstartar i staden.
La grønsakene spele hovudrolla
Kva med grilla aubergine og squash med gode dippar som hummus og tzatziki? Grillspyd eller bakte grønsaker er også ein slager. La deg freiste av inspirerande grilloppskrifter på frukt.no.
Lag ein god burgar, variasjonen er uendeleg. For å gjere det enklast mogleg kan ein grille portobellosopp eller halloumi, som begge blir saftige burgarar. Ein kan også lage gode burgarar av bønner, linser, raudbeter eller søtpotet. Sjekk ut Veganmisjonen sine mange ulike variantar.
Prøv noko nytt på grillen. Kanskje vil ein prøve seg på pulled jack fruit , ein kvit pizza eller kanskje grilla blåskjel?
Tilbehøret får også plass på grillen. Rykande ferske focaccia smakar godt til grillmaten. Det same gjer ein grilla potetsalat. (Foto: brodogkorn.no /Nadin Martinuzzi)
For mange er desserten prikken over i-en etter eit godt måltid. Prøv å legge banan, melon eller ananas på grillen for ekstra sødme, og server med nøtter, is eller litt sjokolade.
Relevante artikler

Bli med på tidenes klimadugnad!
Vis hva du gjør for klimaet og krev en tøffere klimapolitikk.
Bli med!Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 40 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!