Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Slik får du klede og sko til å vare lenger

Vi viser deg korleis du held ved like og reparerer klede og sko, og korleis du får andre til å gjere det for deg.

Med en symaskin eller nål og tråd kan du gjøre enkle klesreparasjoner selv. (Foto: iStockphoto)
Med en symaskin eller nål og tråd kan du gjøre enkle klesreparasjoner selv. (Foto: iStockphoto)

Vi viser deg korleis du held ved like og reparerer klede og sko, og korleis du får andre til å gjere det for deg.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at nordmenns forbruk av klede vart firedobla frå 1982 til 2012, mykje grunna auka kjøpekraft og billegare klede frå lågkostland i Asia.

Frå 1995 til 2010 vart mengda tekstilavfall frå private husstandar dobla. I 2011 kom 48.000 tonn, 42 prosent av tekstilavfallet, frå husstandane. Dette betyr at ein gjennomsnittleg person kastar 10 kilo tekstilar kvart år.

Slik reparerer du klede og sko

Klede: Enkle hol eller rifter i klesplagg kan ein enkelt fikse ved hjelp av nål og tråd. Dei fleste klarar å sy fast ein knapp som har falt ut eller fikse eit enkelt hol i ein saum.

Her er ein video som viser korleis ein kan fikse hol i jeansen:

Om ein ikkje tok symaskinsertifikat på skulen, eller ikkje har nokon ein kan spørje, finnast det eit hav av skreddarar klare til å gje klesplagget ditt nytt liv. Eit kjapt søk på gulesider viser at det finnast ikkje mindre enn 31 skreddarar i Oslo, og 7 i Bergen.

Sko kan bli så gode som nye etter ei runde med skopuss, skokrem og impregnering. Hugs at ulike materialar krev ulik behandling.

Lause skosolar kan moglegvis fiksast med litt eigna lim.

Elles kan skomakarar gjere underverk for skoa du eigentleg trudde hadde gått sine siste skritt. Igjen viser gulesider veg: i Oslo finnast det minst 47 firma som utfører skomakartenester, og i Bergen finnast det 13.

Om ein hund har spist opp hælen på dine høghæla sko, viser denne videoen korleis du kan fikse dette:

Redesign

Før ein kastar klesplagga ein er lei av, vurder om ikkje litt ekstra merksemd kan gjere at du vil behalde plagget. Kanskje kan nye knappar i jakka di gje den nytt liv?

Gjenbruk og redesign er i vinden som aldri før. Bloggarar, nettsider, videoar og bøker viser deg korleis ein kan gjere øydelagde klede gode som nye eller kanskje gjere eit bomkjøp om til ditt nye favorittplagg. Kanskje kan du gjere ei heilt ordinær t-skjorte om til ein kjole? Moglegheitene er uendelege!


Les også:
Slik kjøper du miljøvennlige klær
Sko deg miljøvennlig og etisk
Slik kler du deg miljøvennlig på tur

 

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 30 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -

Relaterte artikler