Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Bilde fra webserien Sweatshop 2 hvor Frida Ottesen får prøvd seg som tekstilarbeider. Foto: Pål Karlsen

Dette kan du gjere for meir etiske klede

Slik kan du bidra til at tekstilarbeidarane får betre arbeidsforhold.

Slik kan du bidra til at tekstilarbeidarane får betre arbeidsforhold.

Vi kjøper meir og meir klede, men gjentekne undersøkingar visar at dei som produserer kleda vi kjøper, ikkje får ei løn dei kan leve av. Kva kan du gjere?

Kva butikk skal ein velje?

Eit minstekrav for etiske forbrukarar er å sjekke om kjedene praktiserer openheit ved å ha lett tilgjengelege fabrikklister på sine nettsider. Dette er viktig for å kunne gå kjedene etter i saumane. Her er ei oversikt over kjeder som har opne fabrikklister og ikkje.

Vel produsentar med etiske profil

Framtiden i våre hender oppfordrar ikkje til boikott, men alle kan bli meir bevisste på kvar ein handlar. Støtt gjerne etiske og miljøvenlege merker og kleskjeder om du skal ha nye klede. Vi har utarbeidd ei liste over butikkar og nettbutikkar som har etisk og miljøvenleg profil.

Ver bevisst og still spørsmål

Still spørsmål til seljarane i butikken: Har kleskjeda etiske retningslinjer og er dei  lett tilgjengelege på nettsidene? Kvar er kleda produsert? Har arbeidarane verdige arbeidsforhold, leveløn, og rett til å organisere seg? Er du ikkje nøgd med svaret du får, send melding på Facebook eller e-post til kleskjeda.

Engasjer deg!

Signer kravet om ei ny etikklov som Stortinget denne våren skal behandle. Ei slik lov vil gjere det lettare å vere ein etisk forbrukar ved at til dømes kleskjeder blir lovpålagde å gje informasjon om arbeidarane har fått ei anstendig løn, om dei har rett til å organisere seg, at dei har eit sunt arbeidsmiljø og tilstrekkeleg arbeidsutstyr. Signer kampanjen for ein etikklov her.   

Bli med på e-postkampanjar, Facebook-grupper, og hjelp bombardere Facebook-veggane til uetiske kjedar eller butikkar. Det verkar!

Støtt arbeidet

Bli medlem i Framtiden i våre hender. I løpet av 2015 bidrog Framtiden i våre hender saman med det internasjonale nettverket Clean Clothes Campaign mellom anna til at Gina Tricot opna sine leverandørlister, H&M skreiv under på ei ny avtale med global fagbevegelse, kjeder som Bik-bok, Dressmann og Carlings sjekka sine fabrikkar etter avsløringar av FIVH. For å fortsette å utøve press på kleskjedene og bidra til å forbetre tekstilarbeidarane sine arbeidsvilkår treng Framtiden i våre hender di støtte.  

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 30 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -

Relaterte artikler