Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til matkastelov!

361 000 tonn spiselig mat kastes årlig i Norge.
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Tankevekkande dokumentarar

Ni gode tips til etikk- og miljødokumentarar som vi meiner er verdt å sjå.

Ni gode tips til etikk- og miljødokumentarar som vi meiner er verdt å sjå.

 Har du fleire du meiner fortener ein plass på lista? Kommenter under!

 

- Annonse -

The True Cost (2015) undersøker verknadene moteindustrien har på menneske og planeten vår. Prisen på klede har minka dei siste tiåra, medan den menneskelege og miljømessige prisen har stige dramatisk. Denne dokumentaren viser menneska bak kleda vi kjøper.  
Netflix: https://www.netflix.com/no/title/80045667

Chasing Ice (2012) – Den anerkjende miljøfotografen James Balog var ein gong skeptisk til klimaforandringane. Men gjennom hans Extreme Ice Survey, finn han med eigne auge uimotseielege bevis for dei store endringane som skjer med planeten vår når han reiser til Grønland, Island og Alaska. Han bruker time-lapse videoar for å vise korleis isbreane forsvinn med stor fart. 
Netflix https://www.netflix.com/no/title/70229919

Ted Talk: Why I’m a weekday vegetarian (2010): Vi veit alle argumenta for å bli vegetarianar, at det er betre for miljøet og dyra. Men det kan likevel vere vanskeleg å ta steget fullt ut. Graham Hill har eit kraftig og pragmatisk svar på spørsmålet, bli ein kvardagsvegetarianar! Sjå heile over.

Ted Talk: The Global Food Waste Scandal (2012): Vi i den vestlege verda kastar nær halvparten av all maten vår. Det blir ikkje kasta fordi den ikkje kan etast, men fordi den ikkje den ikkje ser tiltalande nok ut for oss. Tristam Stuart viser med sjokkerande tal all maten vi kastar, og ber om ein meir ansvarleg bruk av dei globale ressursane. Sjå heile over.

Do The Math (2012) er ein 42 minuttar lang dokumentar om den amerikanske miljøforkjemparen Bill McKibben i ein David mot Goliath kamp mot fossilindustrien. Reknestykket går ikkje opp og han ønskjer å byggje ein global rørsle som endrar klimakrisa sin skremmande matematikk. Her kan du sjå heile dokumentaren

Bikes vs Cars (2015) viser syklistar og aktivistar over heile verda som kjempar for ein meir miljøvenleg infrastruktur der sykkelen har ein like sjølvsagt plass i bybildet som ein bil. Dokumentaren tek for seg korleis politikarar fortset å bruke biltrafikk som utgangspunkt for byplanlegging og kva langsiktige konsekvensar ein slik kortsiktig tankegang kan ha. 
Tilgang kan kjøpast her (86,-) https://vimeo.com/ondemand/bikesvscars/139735098

Two Raging Grannies (2013) handlar om Shirley (90) og Hinda (84) som stiller spørsmål ved om veksten i økonomien kan vere evigvarande. Finanskrisa, global oppvarming og bekymring for framtida til barnebarna deira gjer at dei legg ut på ei reise frå Seattle til Wall Street for å finne svar på om evigvarande vekst i økonomien er mogleg. 
Kan leigast her (34,- ) https://vimeo.com/ondemand/tworaginggrannies

This changes everything (2015) Byggjer på Naomi Cleins bok med same namn. Tek oss med verda rundt i den globale kampen mot fossilindustrien og global oppvarming. 
Itunes (49,-) http://itunes.com/ThisChangesEverything

Sweatshop (2014). Vant Gullruten 2015. Målet med serien er å gjere fleire folk medvitne om tekstilarbeidarane sine kår. Sjå heile serien her: http://www.aftenposten.no/webtv/#!/video/18679/sweatshop-ep-1-det-var-mye-verre-enn-jeg-trodde-det-skulle-vaere

Kva synest du? Har du fleire du meiner fortener ein plass på lista? Kommenter under!

blog comments powered by Disqus