Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Ved å vere litt meir bevisst på vala vi tek i kvardagen kan vi oppnå mykje for miljøet. Foto: Ernst Vikne (Creative commons)

Slik blir du meir miljøvenleg i kvardagen

Her er enkle grep som du kan gjere i kvardagen for å bli meir miljøvenleg.
Ved å vere litt meir bevisst på vala vi tek i kvardagen kan vi oppnå mykje for miljøet. Foto: Ernst Vikne (Creative commons)
Ved å vere litt meir bevisst på vala vi tek i kvardagen kan vi oppnå mykje for miljøet. Foto: Ernst Vikne (Creative commons)
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.
Her er enkle grep som du kan gjere i kvardagen for å bli meir miljøvenleg.

Miljøtipset som har størst effekt, i ei enkelt setning, er å kutte ned på dei tre b-ane: biff, bil og Boeing (Fly).

Her er fleire tips til korleis du kan blir meir miljøvenleg:

Et meir fargerikt og plantebasert

Om alle nordmenn kutta kjøt ein gong i veka, tilsvarar dette å fjerne 200.000 bilar frå vegane. Slik kuttar du ned på kjøtforbruket:

  • Innfør ein kjøtfri middag i veka. 
  • Lær deg å lage gode vegetarrettar. Nøkkelen til å kutte kjøt er å bli god på vegetarmat. Skeptisk? Start i det små og la deg freiste og inspirere av sesongbaserte grønsaker, kokebøker og bloggar.
  • Når du føler deg klar, kan du prøve deg med kjøtfrie veker og ha kjøt bare i helgane.

Beveg deg meir - fly og kjør mindre

Nordmenn flyr mest her i verda og utslepp frå personbiltrafikken utgjer cirka 10 prosent av klimagassutsleppa i Noreg. På tide å gjere noko med det?

Spar vatn og energi

Nordmenns energiforbruk er i verdstoppen, men det kan vi forsøke å gjere noko med.

  • Halver tida i dusjen og skru av vatnet under sjamponering og tannpuss. Tørk handkleet etter du har dusja og bruk det ein gong til.
  • Skru ned temperaturen ei grad eller to i heimen, og ta heller i bruk ullsokkane du fekk i julegåve med bestemor.
  • Skru av lyset i romma du ikkje oppheld deg i og ikkje la ladarar stå i kontakta. Les meir om straumsparing her
  • Vurder om du kan bruke kleda dine ein gong til før du vaskar dei. Når du først vaskar kle, fyll maskina og skru ned temperaturen. Hugs miljøvenleg og svanemerka vaskemiddel. Les meir om miljøbevisst klesvask 
  • Vel mikrofiberklut når du tek fredagsvasken. Her finner du fleire grøne vasketips 

Kutt ned på plast og avfall

Visste du at naturen brukar 450 år på å bryte ned ei plastflaske?
Eller at kvar og ein av oss kastar over 400 kilo søppel kvar i året

  • Kast mindre mat. Sjekk ut Matvettreglene.
  • Oppbevar matrestar i boksar eller gamle syltetøyglas, i staden for plastposar og plastfolie. Dropp eingangsbestikk, eingangsbarberhøvlar og liknande.
  • Ta med handlenett på butikken. Lag handleliste og handle for ei veke i gongen.
  • Sjekk om såpa, kroppsskrubben eller tannkremen din inneheld mikroplast. Last ned appen «Beat the Microbead» for IOS, Android eller Windows Phone. Les meir om mikroplast.  
  • Reparer klede, sko og ting. Bytt eller gi vekk ting du ikkje brukar lenger. Slik får du klede og sko til å vare lenger.
  • Pant og resirkuler alt du kan. Pantar du til dømes ei flaske, sparer du nok energi til å fullade mobilen din tolv gongar.
  • Sei nei takk til reklame, få rekningar tilsendt elektronisk og unngå å printe ut unødvendig. 

Kva er ditt aller beste miljøtips?

 

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 35 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

Relaterte artikler