Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Foto: Creative Commons Tim Sackton

Meir miljøvenleg heim med straumsparing

Her er små og store grep som kan redusere straumrekning og miljøbelastning.
Her er små og store grep som kan redusere straumrekning og miljøbelastning.

Cirka 80 prosent av straumforbruket i norske bustader kjem frå oppvarming og bruk av varmt vatn. Les våre svar til ofte stilte spørsmål om straum.  

Slik reduserer du forbruket ditt med enkle grep:

Lyspærer

Når lyspærene treng å bytast, byt til sparepærer eller LED-pærer, som også kan seinke straumrekninga di betrakteleg. Det er også skilnad på kva LED-pærer du finn på marknaden.

Vedfyring

Har du vedfyring? Bruk tørr ved, og rikeleg tilførsel av luft. Vurder å byte til ein reintbrennande omn. Les meir om miljøvenleg fyring

Vassparing

Vurder sparedusj og vassparande armatur eller sparedyser på eksisterande kranar. Ein eldre dusj brukar 24 liter vatn i minuttet, medan ein sparedusj brukar mellom 6-10 liter per minutt. Med vassparande armatur kan ein også redusere varmetapet med cirka 30 prosent. Sjekk Enova sine straumsparande tips.

Vindauge

Set inn tetningslister og thermocover på gamle vindauge. Følg denne guiden for å halde vinterlufta ute.

Elektronikk og straum

Om du må byte ut elektriske apparat, vel den grønaste elektronikken. Les meir om kvitevarer hos Er det farlig. Les meir om straumsparing herByt til miljømerka straum  

Meir kostbare endringar

Du kan installere eit solfangaranlegg , etterisolere , setje inn varmepumpe og byte ut vindauge. Vurder å installere varmestyringssystem eller enkle styringseininga til omnar eller panelomnar. Det gjer at ein kan regulere varmen i til dømes leilegheita ved å automatisk skru ned varmen om natta, i staden for at den står på heile døgnet. Les meir om varmestyringssystem hos Enova.  

blog comments powered by Disqus