Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for en rettferdig verden i økologisk balanse

Kjøtfri på TV, kjøtfri på kjøkenet

Se hvordan det gikk da Venstre-politiker Sveinung Rotevatn tok konsekvensen av sin egen matpolitikk.

Kjøttfri mandag à la Sveinung Rotevatn: Tagliatelle med sjampingjong og brokkoli.
Kjøttfri mandag à la Sveinung Rotevatn: Tagliatelle med sjampingjong og brokkoli.
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.

Se hvordan det gikk da Venstre-politiker Sveinung Rotevatn tok konsekvensen av sin egen matpolitikk.

Måndag 29. september var eg på NRK for å snakke om at vi bør ete mindre kjøt. Då kunne eg sjølvsagt ikkje vere noko dårlegare då eg kom heim til mitt eige kjøken.


Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre. Foto: Silje England Garshol

La det vere sagt først som sist: Eg er ingen vegetarianar. Eg likar å ete kjøt, og er nok litt for lite glad i linser, kikerter og bønner til at eg ville sett pris på å dekke proteinbehovet mitt på nokon annan måte å inkludere kjøt i dietten.

Ikkje desto mindre er eg oppteken av eit balansert kosthald. Eg er oppteken av god dyrevelferd. Og eg er veldig oppteken av klimapolitikk. Det sterkt aukande kjøtforbruket i Noreg og verda for øvrig er ei viktig årsak til dei farlege klimaendringane vi er i ferd med å påføre jorda vår. Høyr berre:

  • Å produsere ein kilo storfekjøt medfører femti gonger høgare klimagassutslepp enn å produsere ein kilo poteter.
  • Kjøt- og mjølkeproduksjon står for om lag 15 prosent av dei globale klimautsleppa. Det er meir enn heile transportsektoren til saman.
  • I følgje Framtiden i våre hender vil vi, dersom alle nordmenn tek ein kjøtfri dag i veka, kunne kutte klimagassutslepp tilsvarande 200.000 privatbilar.

I tillegg er det eit folkehelseperspektiv ved dette som ein ikkje bør gløyme. Nesten halvparten av oss meir raudt kjøt enn kva helsedirektoratet tilrår. Så både omsynet til folkehelsa og (særleg) klimaet gjer at vi bør jobbe for å minske kjøtforbruket, og heller ete meir fisk, frukt og grønsaker.

Korleis kan vi sørgje for det? Vi kan sjølvsagt ikkje forby folk å ete kjøt. Men vi bør bruke avgiftssystemet vårt litt smartare enn i dag. Konkret bør kjøt få vanleg moms på 25 prosent (i dag er den 15), og så kan vi heller fjerne momsen på frukt og grønt. Dessutan bør vi legge ned det såkalla Opplysningskontoret for kjøt, som direkte motarbeider gjeldande folkehelse- og klimapolitikk.

Dette var bodskapen mitt i Dagsavisen, i Dagsnytt Atten og på Dagsrevyen 21. Så eg kunne nesten ikkje vere noko dårlegare sjølv då eg kom heim måndag kveld og skulle lage middag.

Det vil vere ei overdriving å hevde at eg er særleg god på kjøkenet generelt, eller til å lage vegetarrettar spesielt. Men eg er glad i pasta, og i sopp. Det var ein god start. Etter å ha tatt ein tur langs hyllene i nærbutikken ved sidan av stortingshybelen, gjekk eg heim og sette i gong. Her er ingrediensane:

  • Nokre buntar pasta tagliatelle
  • Tre store sjampinjongar
  • Ein halv brokolli
  • Ein dæsj oliven
  • Ein dæsj soltørka tomat
  • Ein dæsj snøfrisk
  • Salt
  • Pepar

Del opp sjampinjongane og brokollien og gje dei ein runde i steikepanna. Kok opp pastaen, skyl av vatnet, og rør inn inngrediensane saman med snøfrisk, salt og pepar.

Smaken var topp, og vart endå betre med ein god øl til («Humlesus» frå HaandBryggeriet var dagens val).

Bli med på tidenes klimadugnad!

Bli med på tidenes klimadugnad!

Vis hva du gjør for klimaet og krev en tøffere klimapolitikk.

Bli med!

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 40 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!