Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Norske banker investerer i omstridt soyaselskap

OIjefondet og fleire norske banker bidrar til å finansiere ein omstridt soyaprodusent i Brasil. Den brasilianske produsenten av soya til norsk fôr, Selecta, har gjennom sine underleverandørar vore involvera i ulovleg avskoging, valdelege landkonflikter og illegal sprøytemiddelbruk.

Framtiden i våre hender krev at norske bankar må vurdere uttrekk frå selskap i den problematiske soyaindustrien i Brasil. Foto: Reporter Brasil (Alto Juruena. Campos de Júlio, Brasil)
Framtiden i våre hender krev at norske bankar må vurdere uttrekk frå selskap i den problematiske soyaindustrien i Brasil. Foto: Reporter Brasil (Alto Juruena. Campos de Júlio, Brasil)

OIjefondet og fleire norske banker bidrar til å finansiere ein omstridt soyaprodusent i Brasil. Den brasilianske produsenten av soya til norsk fôr, Selecta, har gjennom sine underleverandørar vore involvera i ulovleg avskoging, valdelege landkonflikter og illegal sprøytemiddelbruk.

Danske Bank, DNB, Handelsbanken, KLP og Storebrand har investeringar i Selecta gjennom moderselskapet CJ CheilJedang Corp. Ved utgangen av 2017 var også Oljefondet investor i CJ CheilJedang Corp med ein eigardel på 0,69 prosent.

Den søramerikanske soyaindustrien ein av de største drivkreftene bak avskoging og verdas største forbrukar av sprøytemiddel. Soyaindustrien er også en sektor prega av valdelege, og i nokon tilfelle dødelege landkonflikter.

– Det er urovekkande at Oljefondet og fleire av dei store finansinstitusjonane i Noreg som Danske Bank, DnB, Handelsbanken, KLP og Storebrand investerar i den søramerikanske soyaindustrien, seier leiar i Framtiden i våre hender Anja Bakken Riise

I rapporten Salmon on soy beans - deforestation and land conflict in Brazil avdekkast døme på avskoging, illegal sprøytemiddelbruk og valdeleg landkonflikt med småbønder i Selecta sin leverandørkjede. Til dømes vart ein av soyaleverandørane til Selecta, Warno Joâo Wentz, bøtelagt av miljødirektoratet for avskoging og også for å plante soya på svartelista område.

– Som ein av dei leiande aktørane innan berekraftig finans bør Storebrand, på same måte som dei har gjort på palmeolje, gjere ei grundig vurdering av sine investeringar i CJ Cheil Jedang Corp. Storebrand har tidlegare begrunna uttrekk frå palmeolje produsera i Sør-Aust Asia fordi den er spesielt lite berekraftig. Det same bør vurderast for investeringar – direkte eller indirekte – i soyaindustrien i Sør-Amerika.

Les meir om kritikkverdige forhold bak Selecta og andre soyaleverandørar til norsk laksefôr i rapporten Salmon on soy beans - deforestation and land conflict in Brazil utgitt av Framtiden i våre hender og Regnskogfondet.

Les svara frå bankane i Dagbladet si omtale av saka.

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 30 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -

Relaterte artikler