Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Økernveien 94

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Stopp sløsepolitikken!
Skal vi bekjempe klima- og naturkrisa må vi bekjempe overforbruket!
Støtt kravene!

Vi jobber for en rettferdig verden i økologisk balanse

Foto: Bernt Sønvisen

Lanser utsleppsfritt oljefond i Glasgow, Støre!

Neste veke går klimatoppmøtet av stabelen og vår nye regjering dreg til Glasgow. Med i kofferten bør dei legge det nye målet om at Oljefondet skal bli utsleppsfritt.

Foto: Bernt Sønvisen
Foto: Bernt Sønvisen

Neste veke går klimatoppmøtet av stabelen og vår nye regjering dreg til Glasgow. Med i kofferten bør dei legge det nye målet om at Oljefondet skal bli utsleppsfritt.

Norske styresmakter er blant dei få som har erklæra at dei statlege fonda skal forvaltast i tråd med klimamåla. Støre bør lansere nullmålet på klimatoppmøtet og invitere andre land til å fatte same vedtak for sine fond. Med ein samla verdi på svimlande 10 trillionar amerikanske dollar utgjer dei statlege fonda ein vesentleg del av verdsøkonomien. Ei klimajustering av dei vil ha mykje å sei for den grøne omstillinga me treng.

Framtiden i våre hender har lenge arbeidd for ei klimajustering av Oljefondet. Me er glade for at regjeringa i si plattform legg fast eit langsiktig nullmål for vårt felles sparefond. Med Hurdalserklæringa leggast det vidare til grunn at Oljefondet skal bli verdsleiande på klima- og naturrisiko og ansvarleg forvaltning. Det er ambisiøse, men gjennomførbare mål ei regjering anno 2021 verdig.

Skal me avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grad trengs ei omstilling av økonomien. Det trengs ny teknologi, fornybar kraft, sirkulær industri og varer og tenester produsera utan øydeleggande klimagassutslepp. Ei slik omstilling avheng av eit samspel mellom næringsliv, styresmakter og finansbransjen.

Ein investeringsstrategi for null utslepp er sentralt for å nå klimamåla, men også viktig frå eit finansielt perspektiv. Investorar som plasserar sine pengar i gårsdagens fossile industriar vil ikkje tene pengar etter kvart som forbrukarar etterspør grøne varer og politikarar innføre “forureinar betalar”-tiltak. For statlege fond som Oljefondet, som har eit klart mål om langsiktig god avkastning, vert det perspektivet spesielt viktig.

Det har no skjedd ei rivande utvikling blant private kapitalforvaltarar. Halvparten har satt mål om null utslepp innan 2050. Men statlege fond ligg etter. Når den nye regjeringa innfører eit liknande mål for vårt Oljefond vil Noreg stå fram som eit klimafyrtårn blant statlege fond. Den leiartrøya bør Støre bruke godt. Når verdas leiarar og klimaministrar møtest neste veke bør trøya på – Noreg bør offentleggjere nullmålet og invitere andre land med ei ein allianse av klimasmarte statlege fond!

Denne kronikken ble trykket i Dagsavisen 28.10.21.

Har du et hjerte for en grønn framtid?
Vi arbeider for miljøvennlig og etisk forbruk. Målet vårt er en rettferdig verden i økologisk balanse.
Bli medlem!