Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Økernveien 94, 0579 Oslo

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Stopp sløsepolitikken!
Skal vi bekjempe klima- og naturkrisa må vi bekjempe overforbruket!
Støtt kravene!

Vi jobber for en rettferdig verden i økologisk balanse

Stian Sandø spiser vegetarburger

– Det er ikkje stress å ete mindre kjøt

For mange kan det vere ei utfordring å endre på matvanane sine. Sjå korleis det gjekk då Stian Sandø prøvde å vere kvardagsveggis i Klimadugnad.

For mange kan det vere ei utfordring å endre på matvanane sine. Sjå korleis det gjekk då Stian Sandø prøvde å vere kvardagsveggis i Klimadugnad.

I kampanjen Klimadugnad viser vi at vi gjer klimavenlege handlingar i liva våre. For nokon betyr det å halde fram med det dei gjer til vanleg, men for mange betyr det å endre noko i kvardagen. I serien Klimadugnad møter vi både ekspertar, og dei som treng å venne seg til nye vanar.

Ein som verkeleg utfordrar seg sjølv til nye vanar, er programleiar og gründer Stian Sandø. Han har blitt med i klimadugnaden og har prøvd å vere kvardagsveggis, altså vegetarianar i vekedagane.

– Eg har tidlegare prøvd meg som veganar utan hell, som vegetarianar utan hell, som pesketarianar utan hell. Som den enkle karen eg er så har eg vanskeleg for å unngå freistingar som for eksempel ein kebab eller ein burger i ny og ne. Så tidlegare når eg har prøvd å gå 100 prosent kjøtfri, har det ikkje akkurat holdt lenge. Men å vere kjøtfri delar av veka, det høyrtes ut som noko eg trur eg kan få til å vare, seier han.

Sjå og del videoen her:

Å ete mindre kjøt er ein av dei viktigaste handlingane vi som enkeltpersonar kan gjere for at vi som samfunn skal nå dei avgjerande klimamåla våre. Det betyr ikkje at alle må slutte å ete kjøt, men at det er lurt å ete meir plantebasert. Då kan ein til dømes planlegge kjøtmåltid til helga, og ete plantebasert i vekedagane.

Å endre på matvanane kan vere ei utfordring.

– Den største utfordringa var å seie nei til pizzarestane til ein kompis av meg, seier Stian.

Det er i starten det er vanskelegast å endre ein vane. Det er ofte då det ein oppdagar sider ved dei nye eller gamle vanane, som ein ikkje hadde tenkt på før. Ein gjengs teori om vaneendring seier at det tar 21 dagar å endre ein vane. Etter dei første tre vekene er ein godt rusta til å halde fast på den nye vanen.

– Å slutte heilt å ete kjøt, det er stress. Men å ete mindre kjøt, det er ikkje noko stress i det heile tatt. Det kan kanskje verke slitsamt for nokon, men overraskande problemfritt når ein først kjem i gang.

Alle kan melde seg på Klimadugnad, og registrere at ein vil gjere éin eller fleire klimahandlingar. Det kan vere noko du ikkje har prøvd før, eller noko du kar gjort heile livet, begge deler er gode bidrag til dugnaden. Det er uansett viktig å registrere handlinga på Klimadugnad, slik at vi kan vise til politikarane våre at folk vil gjere ein innsats sjølve, og at det no er politikarane sin tur til å gjere sin del av klimadugnaden!