
Enorme utslepp frå norsk lakseeksport
Den aukande norske eksporten av oppdrettslaks skaper store verdiar, men fører til enorme klimagassutslepp. Sjømatnæringa må finne ut korleis dei skal klare å halvere utsleppa.


Den aukande norske eksporten av oppdrettslaks skaper store verdiar, men fører til enorme klimagassutslepp. Sjømatnæringa må finne ut korleis dei skal klare å halvere utsleppa.
Nyleg publiserte Sintef ein rapport om klimaavtrykket til norsk sjømateksport. Den viser kor store klimagassutslepp som ligg bak kvart kilo eteklar norsk sjømat ulike stader i verda. Her ser vi òg avtrykk frå heile næringskjeda, frå produksjon av laksefôr, til sjølve oppdrettet av laksen, og transporten til marknadane.
Tala avdekker enorme utslepp frå norsk, eksportert oppdrettslaks. I tillegg viser det seg at utsleppa har auka.
- Laksen som flyr til Shanghai i Kina slepp ut 20,2 kg CO2-ekvivalentar for kvart kilo som blir ete
- Også laks sendt langs landjorda til Europa har uakseptabelt høgt klimautslepp, som 7 kg per kg laksemiddag i Paris
- Ser vi bort frå transport er det fôrproduksjonen som gir størst utslepp, og då særleg bruken av brasiliansk soya
Framtiden i våre hender har rekna ut at flyeksporten av norsk oppdrettslaks til dei ti største mottakslanda utanfor Europa ga eit klimaavtrykk på mellom 1,5 og 2 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2019.
Berre lakseeksporten med fly gir altså like store utslepp som 3-4 prosent av Norge sine årlege utslepp.
Må halvere utslepp
Ein veldig liten del av desse utsleppa kjem på Norge sitt klimareknskap. Utsleppa frå det importerte fôret laksen et, blir ikkje registrert som norske utslepp. Og utsleppa frå eksporten med fly, blir ikkje registrert på noko land sine klimareg\knskap.
Når klimaansvaret ikkje hamnar nokon stad, er det ekstra viktig at sjømatnæringa sjølv tar grep for å redusere utsleppa frå lakseeksporten.
Heile verda må halvere sine klimagassutslepp fram til 2030, og då må alle bidra. Det betyr at også sjømatnæringa må finne ut korleis dei kan halvere sine utslepp.
Fullt mogleg å kutte
Sintef sin rapport viser at sjømatnæringa kan ta mange grep for å redusere utsleppa frå oppdrettslaksen. Faktisk kan dei nærast halvere utsleppa, og Sintef foreslår mange tiltak i rapporten. Mellom anna kan næringa,
- sørge for at meir av laksen kjem fram som mat til forbrukaren
- bruke biprodukta gjennom heile distribusjonskjeda
- endre samansetting av fôr, og utnytte fôret betre
- minimere transportbehovet og finne alternativ til flytransport
- gå over til fornybare energikjelder og auke energieffektiviteten
Då vil det vere naudsynt å vurdere om norsk laks må bli sendt fersk med fly til Kina og sleppe ut 20,2 kg CO2-e per kilo. Dersom laksen kjem frosen til Kina frå Norge på eit skip, er avtrykket langt lavare – 7,7 kg CO2-e per kilo. Dette er likevel eit klimaavtrykk som ikkje er bærekraftig.
Problematisk importfôr
I tillegg til fly, viser rapporten at fiskefôret fører til mykje høgare utslepp enn tidlegare kjent. Difor treng vi ein skikkeleg satsing på alternative, lokale fôrråvarer. Vi må bort frå problematisk soya frå Brasil, til til dømes mikroalgar, som vi kan produsere lokalt.
Laksenæringa har auka eksporten betydeleg dei siste åra, og ser føre seg endå meir vekst framover. Næringa må kunne svare på korleis den skal kutte desse enorme utsleppa.
Norge har akkurat varsla nye og høgare klimakutt i FN. Det hjelper ikkje viss vi sender fisk med fly, som ikkje blir registrert på noko land sine klimareknskap. Det er framleis skadelege utslepp. Alle må bidra til å halvere utsleppa dei neste ti åra, og då må også oppdrettsnæringa vere med.