Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Matindustrien i Noreg sitt vanvitige arealbeslag i Brasil

Gjennom sitt soyaforbruk legg oppdrettsnæringa og landbruket beslag på store areal i Brasil. Områdene er så store at dei potensielt sett kunne ha blitt småbruk for nesten ti tusen fattige familiar.

Gjennom sitt soyaforbruk la oppdrettsnæringa beslag på eit areal i Brasil tilsvarande 1506 km2 og landbruket la tilsvarande beslag på eit areal på 377 km2.
Gjennom sitt soyaforbruk la oppdrettsnæringa beslag på eit areal i Brasil tilsvarande 1506 km2 og landbruket la tilsvarande beslag på eit areal på 377 km2.

Gjennom sitt soyaforbruk legg oppdrettsnæringa og landbruket beslag på store areal i Brasil. Områdene er så store at dei potensielt sett kunne ha blitt småbruk for nesten ti tusen fattige familiar.

Sjølv om forbruket har gått ned dei siste åra, utgjer soya fortsett ein vesentleg del av norsk fiske- og husdyrfôret. Med rapporten Soyaforbruket i norsk fôr – forbruk og arealbeslag har Framtiden i våre hender kartlagt soyaforbruket i dei to næringane, kor stor del av fôret som består av soya og kor stort areal norsk matindustri gjennom sitt soyaforbruk legg beslag på i Brasil.

I 2017 vart det bruka om lag 300 000 tonn soyakonsentrat i laksefôret og om lag 200 000 tonn soyamjøl i kraftfôret. 87 prosent av soyaen i laksefôret kom frå Brasil, og tilsvarande 45 prosent i kraftfôret.

Soya fører til avskoging og konflikt

Med ein stor og stadig aukande global etterspørsel etter soya, ekspanderer soyaindustrien og skaper landkonflikt med dei mest marginaliserte på landsbygda i Brasil; urfolk, småbønder og jordlause. Ekspansjonen fører også til avskoging av regnskog og savanne. Slik bidreg norsk soyaforbuk til arealbeslag og konflikt i Brasil.

Stort arealbeslag

Gjennom sitt soyaforbruk la oppdrettsnæringa beslag på eit areal i Brasil tilsvarande 1506 km2 og landbruket la tilsvarande beslag på eit areal på 377 km2. Det arealet norsk matindustri legg beslag på i Brasil gjennom sitt soyaforbruk tilsvarar storleiken til 9 414 brasilianske småbruk og nesten ein tredjedel av det territoriet urfolksgruppa Guarani-Kaiowa gjer krav på i den store soyadelstaten Mato Grosso do Sol.

Småbruk til ti tusen fattige familiar

Det er ingen automatikk i at soyaplantasjene som forsyner norsk matindustri ikkje ville ha eksistert utan norsk etterspørsel. Men det er ein tankevekkar at den jorda norsk oppdrettsnæring og landbruk legg beslag på i Brasil potensielt sett kunne ha gitt nesten ti tusan fattige jordlause ein jordlapp der dei kunne dyrke mat til seg sjølv og regionen, eller urfolk sør-aust i landet ein stor del av sitt opphavelege territorium slik at dei kunne ha vald eit tradisjonelt levesett slik dei er lova. 

Forbruket av soya i norsk fôr har imidlertid gått ned dei siste åra. I landbruket har det gått forsiktig ned det siste tiåret både i absolutte og relative tall. I oppdrettsnæringa har soyaforbruket gått markant ned dei siste to åra etter ein kraftig vekst frå 2008 til 2015.

Valdlege landkonflikter

Vald, drap og truslar utgjer eit strukturelt problem ved landkonfliktene i Brasil. I rapporten Salmon on soy beans - deforestation and land conflict in Brazil ( avdekkjast det at også leverandørane av soyaproteinkonsentrat (SPC) til norsk laksefôr kjøper bønner frå soyaprodusentar som har etablert plantasjer etter at området har vorte rydda for småbønder:

Drepne i huset sitt

Småbøndene Maria do Carmo Moura Ferreira Araújo og Gonçalo Araújo var offer for denne harde kampen om jord. I januar 2014 vart ekteparet drepne i huset sitt i busetnaden Upper Juruena, Campos de Júlio, Mato Grosso. Ifølgje delstatspolitiet i Mato Grosso vart Maria og Goncalo drepne fordi jorda deira var ei interessant handelsvare. Den potensielle kjøparen av jorda hadde bedt leiaren i området om «rydde området». Den kvinnelege leiaren i området, ektemannen og dei to som utøvde morda vart idømt 37 år fengsel for drapa.

Etter drapet på Maria og Goncalo vart jord i Upper Juruena okkupert av plantasjer, hus og gjerde vart rivne ned, grensemarkørar tatt bort og grønnsaksåkerar øydelagte.

Ein  soyaprodusent er ein av dei tiltalte. I rapporten Salmon on soy beans - deforestation and land conflict in Brazil dokumenterer Repórter Brasil at den tiltalte soyaprodusenten solgte hundrevis av tonn soyabønner til SPC produsenten Caramuru i 2016 og 2017. Bønnene var registrert på plantasjane Diadema og Princesa, som ligg I same kommune som Upper Juruena. Bønnene vart solgt til Caramuru sin fabrikk I Sorrisa, som produserer SPC for den norske oppdrettsnæringa.

FN slår alarm

Situasjonen for urfolk har i delstaten Mato Grosso do Sol blitt så graverande at FNs spesialrapportør på urfolksrettar Victoria Tauli-Corpuz i 2016 gjorde samanlikningar med situasjonen under militærdiktaturet på 1980- talet. Ifølgje spesialrapportøren er landkonflikter knytt til ekspansjon av jordbruksindustrien ein av dei største truslane. Sidan styresmaktene ikkje viser seg kapable til å sikre urfolks rettar, understrekar ho at næringsaktørar som handlar med soya, sukker og kjøt må gjennomføre tilstrekkelege aktsomheitsvurderingar for å forsikre seg om at urfolks rettar respekterast i leverandørkjedene. 

Kvitvasking av kriminell soyaproduksjon

Ingen vil kjøpe soyabønner produserte ved hjelp av kriminelle metodar. Soyabønner dyrka på ulovlege område vert derfor, ifølgje det brasilianske miljødirektoratet IBAMA, kvitvaska gjennom mellommenn og løgn om at bønnene kjem frå soyaprodusenten sine lovlege plantasjer.

Landkonflikter er eit strukturelt problem med den brasilianske soyaindustrien på same måte som avskoging og helseskadeleg bruk av sprøytemiddel. Framtiden i våre hender meiner derfor at soyaen i norsk laksefôr må erstattast med berekraftige fôrråvarer.

Les meir om berekraftige alternativ til soya her.  

Les heile rapporten Soyaforbruket i norsk fôr – forbruk og arealbeslag.

Skriv under på vår kampanje for meir berkraftig laksefôr.

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 30 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -

Relaterte artikler