
Tener 90 øre per t-skjorte
Tekstilarbeidaren i India sit igjen med småtteri etter å ha sydd ei t-skjorte som blir seld på den norske marknaden.


Tekstilarbeidaren i India sit igjen med småtteri etter å ha sydd ei t-skjorte som blir seld på den norske marknaden.
Ei ny komponentanalyse som Framtiden i våre hender har utarbeida, viser kor pengane i ei vanleg t-skjorte ein får kjøpt i Noreg, fordelar seg. Arbeidarane sit igjen med lommerusk.
Syaren, som ofte jobbar på akkord i farlege fabrikklokale, sit altså igjen med 0,89 kroner, avrunda til 90 øre, som er 0,6 prosent av utsalsprisen på t-skjorta. Til samanlikning sit butikken som sel t-skjorta igjen med 38,5 prosent, altså 57,37 kroner avrunda til 57 kroner.
Halvparten av utsalsprisen, før moms blir lagt til, er butikken si forteneste.
Fabrikken i India får 5,96 kroner, avrunda til 6 kroner, som er 4 prosent av utsalsprisen. For dette skal fabrikken til dømes betale løna til syarane. For å sikre flest mogleg oppdrag frå kjedene opplever fabrikkane eit stadig press på å seinke kostnader. Kostnader for fabrikken utgjer 1,34 kroner (0,9 prosent) av prisen på t-skjorta.
Sjølve kleskjeden sit igjen med 17,88 kroner, avrunda til 18 kroner, eller 12 prosent. Like mykje pengar går med til materialkostnader for å lage t-skjorta. I denne utrekninga er det lagt opp til at bomullen er Fairtrade-merka.
Andre kostnadar er transportkostnader, som utgjer 11,92 kroner, avrunda til 12 kroner (8 prosent). Mellomledda utgjer 5,96 kroner, avrunda til 6 kroner (4 prosent). Til slutt blir meirverdiavgifta på 25 prosent lag til. Denne blir på 29,80 kroner, avrunda til 30 kroner og utgjer femtedelen av den endelege utsalsprisen på t-skjorta.
Utgangspunktet for tala i analysen er henta frå Fair Wear Foundation.