Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Kritikkverdige forhold bak leverandørane av soya til norsk laks

Dei brasilianske produsentane av soya til norsk laksefôr har vore involvera i ulovleg avskoging, valdelege landkonflikter, ulovleg bruk av urfolksterritorium og slaveliknande arbeidsforhold.

Foto: Reporter Brasil, Regnskogfondet
Foto: Reporter Brasil, Regnskogfondet

Dei brasilianske produsentane av soya til norsk laksefôr har vore involvera i ulovleg avskoging, valdelege landkonflikter, ulovleg bruk av urfolksterritorium og slaveliknande arbeidsforhold.

Soya er ein hovudingrediensen i det norske laksefôret. I 2017 importerte oppdrettsnæringa i underkant av 300 000 tonn soyaproteinkonsentrat, og 87 prosent kom frå Brasil.

Framtiden i våre hender og Regnskogfondet har saman med organisasjonen Reporter Brasil sett på leverandørkjedene bak produsentane av soya til norsk laksefôr, det vil si underleverandørane til selskapa som sel soya til dei norske fôrprodusentane.

Rapporten avdekkjer eksempel på at soyaprodusentar:

  • har etablert seg ulovleg i urfolksterritorium.
  • dyrkar soya på område der småbønder har blitt utsett for vald, truslar og drap.
  •  er involvert i ulovleg avskoging.
  •  har hatt slaveliknande arbeidsforhald på plantasjer.

Ein industri ute av kontroll

Rapporten teiknar eit bilete av ein brasiliansk soyaindustri ute av kontroll. Dei strukturelle problema kombinera med manglande openheit gjer det vanskeleg for oppkjøparar å få ein reell garanti for kor og korleis soyaen er produsera.

Framtiden i våre hender meiner derfor at norsk oppdrettsnæring må bytte ut soyaen med berekraftige fôrråvarer. Det mogleg å erstatte all soyaen med til dømes treflis, mikroalgar, insekt og slakteavfall.

Skriv under på vår kampanje her.

Last ned rapporten “Salmon on soy beans - deforestation and land conflict in Brazil”.

Les meir om våre løysingar i rapporten Frå soya til berekraftige fôrråvarer (2018).

Les også vår rapport om avskoging og helseskadeleg bruk av sprøytemiddel her Fra brasiliansk jord til norske middagsbord (2017).

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 30 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -

Relaterte artikler