Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Slik blir t-skjorta di til

Vegen frå bomullsfrø til ferdig t-skjorte er lang og problematisk for både menneske og miljø. 

Innhøsta bomull transporteras på ein lastebil i Gujarat, India. Alle foto: CC Adam Cohn
Innhøsta bomull transporteras på ein lastebil i Gujarat, India. Alle foto: CC Adam Cohn
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.

Vegen frå bomullsfrø til ferdig t-skjorte er lang og problematisk for både menneske og miljø. 

T-skjorta sin lange veg startar ofte på bomullsmarkane i Kina, India og Brasil som er dei største produsentane og foredlarane av bomull. Utviklingsland står for 81 prosent av verdas bomullsproduksjon og kring 60 prosent av bomulla som blir produsert i verda endar opp som råmateriale i kleda vi brukar.

Manuelt arbeid

For å få bomullsfibrar må ein først dyrke bomullsplanten, så hauste og reinse den. Ettersom fattige bønder i utviklingsland ikkje alltid kan bere kostnadene med mekanisering av jordbruket skjer det meste manuelt. For å kompensere for lågare produktivitet enn bomullsindustri i rikare land, tek ein i bruk billig arbeidskraft. Bomull blir hausta ein gong om året, og planting og innhausting av bomull er svært arbeidsintensivt.  

bomull india fotocc adam cohn450

Bøndenes barn jobbar på markane 

Ein antar at bomullsindustrien er den industrisektoren der slave- og barnearbeid er mest utbreidd. Ein estimerer at 168 millionar barn jobbar som barnearbeidarar verda over, og cirka 60 prosent jobbar innanfor landbruk. Kor mange som jobbar på bomullsmarkane er vanskeleg å spå. Størstedelen av barnearbeidarane i jordbruket er ubetalte familiearbeidarar. Bruk av tvang er også utbreidd i regionar med barnearbeid, som ofte også går hand i hand med slavearbeid. Barnearbeid er dokumentert i land som Usbekistan, Pakistan, India, Egypt, Benin og Tadsjikistan.

mobull450

Enormt forbruk av vatn og sprøytemidlar

Bomullsindustrien byr på store miljøproblem, i form av sprøytemidlar og forbruk av vatn. Å produsere 1 kilo bomull krev 10.000 liter vatn. Bomullsplanten er svært sensitiv for vêrforhold, insektangrep og plantesjukdomar. Dette gjer at sprøytemidlar og plantevernmidlar blir brukt i stort omfang. Ein reknar med at rundt 50 prosent av sprøytemidlane brukt i jordbruket i utviklingsland blir brukt på bomullsmarkane og rundt 20 000 døyr kvart år som følgje av sprøytemiddeleksponering.

Skadelege arbeidsforhold og dårleg løn

I tillegg til det intensive arbeidet, er skadar relatert til arbeid og helse, manglande arbeidskontraktar og låge løner vanleg. Eit stort problem er mangel på organisasjonsfridom. Mange arbeidarar lev under fattigdomsgrensa og får luseløn. I desperasjon over manglande inntening til å betale gjeld er det kjent at tusenvis av bønder har tatt livet av seg ved å drikke plantevernmidlar i India.

Frå bomull til klede

Etter bomulla er hausta entrar den neste produksjonsledd, som er spinneri og fabrikkar der den blir omgjort til stoff og klesplagg. Bomulla blir først reinsa, så omarbeidd til garn og deretter vevd til store bitar med stoff, som blir sendt vidare til fabrikkar for bleiking, farging og ulike kjemiske og mekaniske etterbehandlingar. Når stoffet er ferdigstilt går det til tekstilfabrikkane der stoffet blir kutta og sydd om til t-skjorter, før siste behandling før produkta blir sendt til varelager og butikkar i Noreg.

Produksjon der lønen er lågast

Utviklingsland står for kring 97 prosent av bomullsimporten og 96 prosent av foredlinga av bomull, med Søraust-Asia som den dominerande importregionen. Kina har lenge vore den store produsenten av billige klede, men pga. stor vekst i bransjen har meir og meir av produksjonen går til lågkostland som Bangladesh, Indonesia og Kambodsja.

Lange dagar for tekstilarbeidarane

Undersøkingar viser at arbeidsdagane er lange for tekstilarbeidarane. Gjennomsnittlege arbeidstimar er mellom 189 og 282 i månaden, ofte med krav om overtid. Låge løner at kjøpekrafta til arbeidarane i Kambodsja, Bangladesh, India og Indonesia også blir svært låg. Tyrkia og Kina er hakket betre, men arbeidarane må likevel jobbe lange dagar for å ha råd til grunnleggande matvarer. Tekstilindustrien i Bangalore i India, som syr for kjende europeiske merker, ligg til dømes under universelt anerkjende standardar sett av ILO. Arbeidarane har ikkje anstendige arbeidsvilkår og får ikkje ei løn dei kan leve av.

Tekstilarbeidaren i India sit igjen med småtteri etter å ha sydd ei t-skjorte som blir seld på den norske marknaden.

Kjelder:

Rapporten Dårlig råd med nål og tråd

Rapporten Bomullens pris – en innføring  

Rapporten Mind the Gap

From seed to sale

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 30 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

Relaterte artikler