Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

Lærsko og skinnvesker går på helsa laus

Dagleg kontakt med giftige kjemikaliar utan verneutstyr og store helseproblem er daglegdags for garveriarbeidarane i India.
(Foto: Scanpix)
(Foto: Scanpix)
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.
Dagleg kontakt med giftige kjemikaliar utan verneutstyr og store helseproblem er daglegdags for garveriarbeidarane i India.

Rapporten, Tougher than Leather, har undersøkt arbeidsmiljø og sikkerheit hos garveria i Tamil Nadu-regionen i India, som står for 60 prosent av Indias garverikapasitet og nær halvparten av skinnproduksjonen som India eksporterer. Ved å intervjue tolv arbeidarar ved tre garveri av ulik størrelse i Chennai og Ranipet set den ferske rapporten søkelys på dei svært dårlege arbeidsforholda og utilstrekkelege helse- og sikkerheitspraksisane ved garveria i regionen, så vel som resten av landet.

Se innslag på NRK Lørdagsrevyen om rapporten her

Her kan du høre mer om garverier på NRK Ekko 02.03

Følgjande graverande arbeidsforhold er blant det som kjem fram i rapporten:

  • Arbeidarar er konstant eksponert for giftige kjemikaliar utan verneutstyr
  • Store helseproblem som følgje av arbeidet
  • Svært høge produksjonsmål
  • Brot på arbeidsmiljølover og reguleringar
  • Kvinner kjem verst ut i arbeidsoppgåver, jobbsikkerheit og makt i lønsforhandlingar

Les meir om dei helse og miljøskadelege forholda i garverier her.  

Ranipet, som er ein av stadene der undersøkelsene fann stad, fekk internasjonal merksemd i fjor då ni migrantarbeidarar som budde på garveriet drukna i ei sørpe av kjemikalier .
Kreftframkallande krom

Arbeidarane er konstant eksponert for det svært giftige og kreftframkallande stoffet krom, som er det vanlegaste kjemiske stoffet brukt i garveriprosessen. Arbeidarane er ikkje informert om farane knytt til handteringa av kjemikaliane.

Bryt med FN-retningslinjer

Sjølv om hanskar og masker er tilgjengeleg på garveria, så vert det vanlegvis ikkje brukt. Arbeidarane synest dette verneutstyret er varmt og gjer det vanskeleg å utføre jobben, og dei har ikkje fått informasjon om kor viktig det er å unngå direkte kontakt med kjemikaliane. Til trass for at garveri er karakterisert som ein høg risiko-industri, så bryt garveria FNs retningslinjer for sikkerheit.

Helseproblem

Arbeidarane opplever store helseproblem. Dette vere seg tilbakevendande feberanfall, kvalme, hud- og augeproblem, kvinner har problem med reproduktiv helse, kraftige hovudpine, og bein-, ledd- og muskelsmerter. Fleire må slutte i jobben med dette som årsak og det utan at det finnast noko form for kompensasjon. Høg støy på garveria er eit vedvarande problem, og arbeidarane rapporterar om hørselsskadar.

Ekstreme produksjonsmål

I tillegg legg svært høge produksjonsmål eit stort press på arbeidarane. Arbeidarane må ofte stå heile dagen, bere tunge bører som slit på kroppen, samt jobbe overtid.

Les meir om kva du kan gjere her.

 

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 35 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

Relaterte artikler