Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for en rettferdig verden i økologisk balanse

Foto: Creative Commons Steve Evans

Forgifta av sprøytemiddel

Kvart år vert om lag 3 millionar landbruksarbeidarar forgifta av sprøytemiddel. Tidleg i desember vart 16 melonarbeidarar i det fattige latinamerikanske landet Honduras forgifta etter uverna arbeid med sprøytemiddlar, skriv Nationen.

Foto: Creative Commons Steve Evans
Foto: Creative Commons Steve Evans
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.

Kvart år vert om lag 3 millionar landbruksarbeidarar forgifta av sprøytemiddel. Tidleg i desember vart 16 melonarbeidarar i det fattige latinamerikanske landet Honduras forgifta etter uverna arbeid med sprøytemiddlar, skriv Nationen.

 Framtiden i våre hender gjennomførte hausten 2015 intervju med sju arbeidarar på ein melonplantasje i det sørlege Honduras. Intervjua viser at ekstensiv bruk av sprøytemiddel og manglande verneutstyr er regelen snarare enn unntaket på melonplantasjane. Intervjua vart gjennomført av den honduranske journalisten Carlos Navarro på oppdrag frå FIVH.

– Bruken av sprøytemiddel på fruktplantasjane må ned. På kort sikt må arbeidarane få verneutstyr slik at me unngår slikt helseskadeleg arbeid, seier leiar i Framtiden i våre hender Arild Hermstad.

Alarmerande HMS

Til trass for bruk av omstridde plantevernmidlar, så er verneutstyr manglande på melonplantasjen. Juan Agustin Guillen har arbeida med irrigasjon og sprøyting på melonplantasjane i 24 år. Han har store hudskader som følgje av ei arbeidsulykke då han fekk kjemikaliene over seg.

– Eg har levd 12 år no med desse hud skadane. Når eg blir varm, for det er veldig varmt å arbeide i sola, så klør det frykteleg. Eg tek av meg skone kvar tredje time for eg held det ikkje ut.

Juan har hanskar, støvlar og ein overall til å verne seg mot kjemikaliene, men ingen maske. Det var inhalering av kjemikaliene som gjorde at 16 arbeidarar vart forgifta den 3. desember.

Dei kvinnelege arbeidarane me har snakka med fortel at dei ikkje ei gong får hanskar, dette til trass for at dei er i direkte kontakt med plantene.

Omfattande helseproblem med sprøytemiddel

Det finst ikkje statistikk på kor mange som vert sjuke eller skada som følgje av sprøytemiddel, men ifølgje ekspertar er problemet svært utbreidd.

– For kvar person som blir så sterkt skada at dei havnar på sjukehus, er det truleg «tusen» som utsetjast for mindre skader. Dei får gjerne hovudpine, blir kvalme, føler seg svake og går heim og legg seg, seier førsteamanuensis Kjell Bjørgen Esser ved Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) til Nationen.

Noreg importerer melonar frå Honduras

Honduras leverer melonar til den internasjonale marknaden. Norge importerte i overkant av 1000 tonn melonar frå Honduras i 2014.

Bli med på tidenes klimadugnad!

Bli med på tidenes klimadugnad!

Vis hva du gjør for klimaet og krev en tøffere klimapolitikk.

Bli med!

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 40 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!