Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for etisk og miljøvennlig forbruk

– Apple oppmuntrar til utnytting av arbeidarar

– Store merkevareselskap som Apple byter stadig fabrikk for å sikre billegare produksjon.

Sovesalene der Apples arbeidere bor er overfylte, og opptil 40 personer må dele toalett, ifølge ny rapport. (Foto: China Labor Watch)
Sovesalene der Apples arbeidere bor er overfylte, og opptil 40 personer må dele toalett, ifølge ny rapport. (Foto: China Labor Watch)

– Store merkevareselskap som Apple byter stadig fabrikk for å sikre billegare produksjon.


Kevin Slaten. Foto: China Labor Watch

– Apples praksis oppmuntrar fabrikkane til å fortsetje utnyttinga av arbeidarane i staden for å gjere fundamentale endringar, seier Kevin Slaten.

Han er programkoordinator i China Labor Watch, som sidan 2000 har jobba for å betre rettane til kinesiske fabrikkarbeidarar. Gjennom å blant anna infiltrere fabrikkane, avslører organisasjonen gjentakande brot på internasjonale konvensjonar, kinesisk arbeidsmiljølov og menneskerettar.

Mindreårige arbeidarar, utnytting, manglande sikkerheitsopplæring eller -utstyr, ubetalt løn eller ekstrem overtid eller ingen utbetaling av til dømes alderspensjon er daglegdags.

Les også: Får 15 kroner timen for å lage iPhone 6s

Legg press på merkevareselskapa

Slaten meiner dei store merkevareselskapa gjer for lite for å endre på dei kritikkverdige forholda dei avdekker ved dei kinesiske elektronikkfabrikkane. Dersom fabrikkane ønsker å betre arbeidsforholda for arbeidarane som produserer til dømes mobiltelefonane våre, aukar kostnadane. Noko mange av merkevareselskapa ikkje er villige til å betale for, ifølgje Slaten.

Tvert om flyttar dei produksjonen for å halde kostnadene nede, noko Slaten og CLW dokumenterer i en rapport frå februar i år. Her viser China Labor Watch korleis Apple bytte fabrikk frå Foxconn til Pegatron då mediemerksemd og forbrukarpress pressa fram auka arbeidskostnader ved Foxconn.

China Labor Watch meiner at det er først og fremst media si merksemd som har ført til forbetringar i arbeidsforholda ved Foxconn, og at det ikkje er Apple si forteneste.

Han forklarar at det er derfor arbeidet med å legge press på dei store merkeselskapa er viktig.

– Fabrikkane tener veldig lite i den globale verdikjeda. Mesteparten endar opp med seljarane og merkevareselskapa. Det er dei som har makta til å betale nokre få dollar meir per telefon til fabrikkane, som gjer at ein kan få endringar.

For låge løner og ingen fagforeining

China Labor Watch meiner også at Apple har problem med å kontrollere leverandørkjeda sidan arbeidarane framleis jobbar ekstrem overtid. Arbeidarane ønsker meir overtid, sidan lønene deira er så låge at det ikkje er nok til å oppretthalde levestandarden.

– Det fundamentale problemet er profittmaksimering. Målet er å akkumulere kapital og avkastninga på kapital. Dette blir gjort til det ekstreme i Kina, sidan det er ein eittpartistat og korrupsjon er utbreidd. På politisk nivå er det ikkje stor vilje til å handheve lovene, seier Slaten.

– Arbeidarane har ingen representasjon. Det finnast ei offisiell fagforeining i Kina, og den er kontrollert politisk. Arbeidarane blir ikkje oppmuntra til å lære om fagforeininga og mange veit knapt at den finnast. Dette er eit problem og det er veldig ubalansert. Det finnast ingen motstridande kraft til kapitalisme i Kina, seier Slaten.

Vil du vite om det du kjøper er produsert på en etisk forsvarlig måte? Signer vår kampanje for en etikklov!

 

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Vi finnes bare på grunn av den økonomiske støtten fra de over 30 000 medlemmene våre. Desto flere som støtter arbeidet vårt, jo større påvirkningskraft har vi også i møte med myndigheter, politikere og næringsliv. Bli medlem i dag!

- Annonse -

Relaterte artikler