Kontakt oss

Telefon: 22 03 31 50
E-post: post@framtiden.no
Mariboes gate 8

Støtt arbeidet vårt

Liker du arbeidet Framtiden i våre hender gjør? Med din støtte kan vi gjøre enda mer.
Bli medlem nå!

Ja til miljørabatt!

Kutt moms på reparasjon og utleie av klær, utstyr og elektronikk!
Les mer

Vi jobber for en rettferdig verden i økologisk balanse

Støtt arbeidet vårt for en grønn framtid
Framtiden i våre hender jobber for etisk og miljøvennlig forbruk.
Målet vårt er en rettferdig verden i økologisk balanse.
Vi bidrar til endring ved å spre kunnskap og finne løsninger.

Vellukka klebytedag i Ørsta

Framtiden i våre hender sitt lokallag i Ørsta og Volda tok iniativet til å arrangere ein offentleg klebytedag i Ørsta laurdag 14 september.
Artikkelen er mer enn to år gammel. Ting kan ha endret seg.
Framtiden i våre hender sitt lokallag i Ørsta og Volda tok iniativet til å arrangere ein offentleg klebytedag i Ørsta laurdag 14 september.

Samarbeid.
Me la vekt på å finne gode samarbeidspartnarar til denne dagen. Kirkens Nødhjelp vart med, og pengane me tente skulle gå til det miljøvennlege prosjektet “Grønne skoler på Haiti”. Ynsket var å både profilere gjenbruk, gje folk høve til å få tak i fine bruktkle, og samle inn pengar til ei god sak, i tillegg til å profilere laget. Me fekk med oss kreative og engasjerte personar me kjende til elles, og det fungerte flott. Det lokale næringslivet ga oss god støtte, me fekk mellom anna låne gratis lokaler i gågata, noko som var avgjerande for at me fekk til ein “profesjonell” butikk.

Omtale.
Det var viktig at folk fekk vite om arrangementet. Me laga til ei facebookhending, og hadde nært samarbeid med lokale media som også stilte opp og laga førehandsomtale. I tillegg annonserte me i lokalavisa, og hadde plakatar i butikkvindauga på førehand. På sjølve salsdagen, den 14 september, hadde me fått lokale ungdomar til å gå “mannekeng”; dei gjekk med plakater i gatene og delte ut flyers. I tillegg song og spelte ei av dei inne i lokalet.

(Artikkelen fortsetter under bildet)
Volda bruktklaer Kirkens Nodhjelp2(Foto: Kirkens Nødhjelp)

Praktisk gjennomføring.
Me hadde innlevering av klede på to ettermiddagar før sjølvaste salsdagen. Planleggingsgruppa vart einige om å lage til eit system med verdikupongar, dei  som leverte inn klede fekk ein sum på kupongen som dei kunne bruke til å handle for på salsdagen. Kupongen hadde bilete frå prosjektet, og litt informasjon i frå det, i tilllegg til ein takk for støtta. Dei som leverte inn klede fekk 10 kr per plagg og 20 kr for selskapskle og ytterkle som verdi. Salsprisen var 100 kr for yttertøy og selskapskle, og nedover. Vesker, smykker og sko tok me og imot, Treningskle, underkle og elles klede som me vurderte som lite salbare takka me nei til. Kleda vart sortert etter fargar og type, og med to lokaler fekk me både laga til barneavdeling og kafe. På kafeen solgte vi Fairtrade kaffi og sjokolade.

På opningstida var der faktisk tendensar til kø utanfor, men me sat likevel igjen med så mykje tøy at me vart einige om å selge ut til spottprisar nokre dagar etterpå, då det vart for mykje å køyre til Fretex som me hadde avtale med. Då solgte me ut til 10 og 20 kr for kvart plagg. Totalsummen til prosjektet enda opp på over 11000 kr, den siste dagen hadde me solgt for over 3000 kr, til trass for prisane.

Evaluering
Me fekk utruleg mykje positiv respons på dette, og mange ynskte at me skulle arrangere dette igjen. Me opplevde å få inn flotte kle, og utrulege mengder av kle. Neste gong reknar me med at endå fleire kjem, sidan det då er meir kjent. Det var mykje arbeid med dette, men noko av det kjekkaste me har arrangert, og opplevde også at me fekk profilert oss på ein god måte gjennom dette arrangementet.

Volda Bruktklaer Foto Kirkens Nødhjelp(Foto: Kirkens Nødhjelp)


Aktuelle videoer

Aktuelle videoer

Det viktigste rommet

Myteknusing

Ta det helt med ro...

Vegetarskrekk