Kjeldesortering nyttar
Ofte får vi høyre at sortering og resirkulering av avfall ikkje har noko for seg. SSB-forskaren Annegrete Bruvoll støtter dette synet, og ho fekk boltre seg fritt i Dag og Tid av 15. april. Påstanden om at det du kan gjere i heimen uansett blir for lite, får i stor grad stå uimotsagt.

Ofte får vi høyre at sortering og resirkulering av avfall ikkje har noko for seg. SSB-forskaren Annegrete Bruvoll støtter dette synet, og ho fekk boltre seg fritt i Dag og Tid av 15. april. Påstanden om at det du kan gjere i heimen uansett blir for lite, får i stor grad stå uimotsagt.
Kjeldesortering tek kanskje noko av tida di, men det gjeld også om du vel å sykle framfor å køyre bil, eller ta tog framfor fly når du reiser. Er desse handlingane derfor uviktige? Nei. Dei landa som ligg langt framme i miljøpolitikken har som regel innbyggjarar som er miljøengasjerte. Mange er medlem i miljøorganisasjonar, kjeldesorterer, syklar på gode sykkelvegar, og tek toget langs nye og moderne linjer dei har vore med å stemme fram. Noreg skil seg negativt ut: Her skal miljøutfordringane løysast på teknokratisk vis, gjennom kvoter og store reinseanlegg, utan engasjement frå befolkninga.
Det finst dei som trur at kjeldesortering berre er eit klimatiltak. Men korleis vi handsamar avfallet er mest eit spørsmål om ressursforbruk. Papirsortering er naudsynt for at vi skal forsyne oss mindre av skogen i verda, og av omsyn til dyre- og planteliv. Plastsortering har god effekt på klimautsleppa, i følgje ei rekkje rapportar. Å kjeldesortere spesialavfall krev tid og særskild transport, men det er naudsynt dersom vi skal unngå spreiing av miljøgifter i naturen.
Våtorganisk avfall bør sorterast vekk frå det som skal til forbrenning, sidan matavfallet ikkje har noko brennverdi. Gjennom kompostering og biogassproduksjon tek vi vare på den knappe ressursen fosfatgjødsel. Let du berre avfallet rotne og bli til metan er effekten på klimaet meir enn tjue gonger sterkare enn om det omdannast til CO2. Om du kjeldesorterer matavfallet og lagar biogass, kan du erstatte diesel i bussar og lastebilar, og få mindre lokal forureining i tillegg til klimakutta.
Dersom verda hadde hatt eit overordna mål om å redusere tempoet i utvinninga av olje, ville det vore greitt med gjenbruk av plast, les eg artikkelen i Dag og tid. Men det må vel vere ein samanheng mellom kor mykje olje vi etterspør til plast, drivstoff og andre oljeprodukt, og kor mykje olje som vil bli produsert?
Avfallsbransjen har vakse kraftig dei siste tjue åra, til bortimot ti tusen arbeidsplassar. Det er ikkje eit problem. Vi treng fleire slike arbeidsplassar og miljøinvesteringar. Kunnskapen og teknologien som utviklast er viktig for å løyse andre miljøproblem.
I artikkelen blir det hevda at det viktigaste i miljøpolitikken er at vi ikkje bruker meir pengar enn absolutt naudsynt. Vi får då inntrykk av at smarte økonomar og politikarane veit nøyaktig kor mykje det vil koste å løyse problema. Dessutan blir ikkje miljøpolitikken lenger eit spørsmål om kva som er naudsynt å gjere, men eit spørsmål om kor mykje vi er villige til å betale. Det er ein livsfarleg logikk.