• Vi gir støtte til energi- og klimatiltak.
Framtiden i våre hender

Unngå giftig sankthansbål

Impregnert trevirke kan gje frå seg giftig gass når det brenn. Brenn derfor ikkje dei grågrøne plankane på sankthansbålet.

Unngå all brenning av impregnert trevirke, anten det er gammalt eller nytt. (Foto: killsound/flickr)

CCA-impregnert trevirke inneheld arsen, krom og kopar. Når ein brenn slikt trevirke, vil både røyken og oska kunne innehalde arsenikk.
Ikkje brenn impregnert trevirke

I 2002 blei det forbode å selje trevirke impregnert med krom og arsen til forbrukarar, men det er ingen enkel måte å sjå forskjell på trevirke som er CCA-impregnert og anna lovleg impregnert trevirke.

Du kan framleis få kjøpt impregnerte trevirke tilsikta forbrukarar, men det er sett inn med andre typar stoff, som for eksempel kopar. Brenning av denne typen impregnert trevirke er likevel framleis miljøfarleg.

Avfall som ikkje bør brennast på bålet:

  • Unngå all brenning av impregnert trevirke, anten det er gammalt eller nytt.
  • Heller ikkje plast, gamle sofaer, vindaugskarmar eller hagemøblar bør brennast.
  • Brenning av avfall kan gjere at det oppstår giftige gassar og vere forureinande.

Kjelde: Klima- og forurensingsdirektoratet.

blog comments powered by Disqus
Grønn myteknusing
Fossilfrie penger