Framtiden i våre hender er blant dei skarpaste kritikarane av den norske overfloda. KrF og Senterpartiet er samde: I Noreg er det for mykje fokus på vekst.
Kor mykje fleire klede og bilar treng vi? Materiell vekst i Noreg er lite berekraftig og urettferdig. (Foto: flickr.com) Det er i ein artikkel i Klassekampen KrF og Senterpartiet støttar Framtiden i våre hender.
– Det er eit einsidig fokus på vekst her til lands, og altfor få miljø som vågar diskutere grensene for kor mykje fleire klede og bilar vi faktisk treng, seier Trygve Slagsvold Vedum, nestleiar i Senterpartiet til avisa.
Klassekampen synte i sin artikkel at den økonomiske veksten stoggar opp i heile den vestlege verda. Svaret dei fleste statsleiarane har komme opp med, er å få veksten i gong så snart som råd for å betale gjeld og få folk i arbeid. Her til lands frontar stadig fleire det upopulære standpunktet om at nordmenn snart må vere mette nok.
Arild Hermstad.– I rike land som Noreg har vi lenge trudd at vekst skulle løyse alle utfordringar. Men framleis materiell vekst i Noreg er lite berekraftig og urettferdig, meiner KrF-leiar Knut Arild Hareide.
Arild Hermstad, leiar i Framtiden i våre hender, syner til at «nullvekst»-synet får stadig meir merksemd internasjonalt: I Barcelona møttest meir enn 500 forskarar, fagorganiserte og aktivistar på «Degrowth»-konferansen i fjor. Saman diskuterte dei korleis ein solidarisk, krympande økonomi kan fungere. Ein ny konferanse er på trappene i Venezia neste år.
– Det Noreg burde gjere, var å setje eit absolutt tak på kor mykje av naturressursane det skal vere lov å nytte. Noreg er godt rusta til å bremse veksten, fordi vi ikkje har dei akutte problema som andre europeiske land har no, meiner Hermstad.
Senterpartiet og KrF er samde med Framtiden i våre hender om at det trengs nye mål på kor godt folk har det enn berre kor store materielle verdiar vi produserer og forbrukar.
– Oss politikarar har som mål at folk skal få det betre. Det er ingen politikar som har som mål at vi skal doble forbruket vårt. Men når BNP doblar seg, er det nett det som skjer. Vi kan ikkje berre halde fram med den gamle kjøpekarusellen, det vi treng er nye mål på velferd, seier Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet.
Økonomiske virkemidler som favoriserer miljøet, for eksempel miljøvennlige tjenester, økologiske varer og ressurssparende teknologier.
At miljøskadelig forbruk begrenses. Redusert forbruk av kjøtt og andre animalske produkter for å minimere klimagassutslipp, arealbeslag og presset på det biologiske mangfoldet.
Informasjon på alle varer som viser miljøbelastningen ved produksjonen. Maksimalgrenser for miljøbelastning fra ulike varetyper.
At kommunene får påbud om å hente kildesortert avfall hjemme hos alle husholdninger.
At målet om stadig økende kjøpekraft for alle nordmenn erstattes med krav om kortere arbeidstid, økt lønn for de med lavest inntekt og større overføringer til mennesker i fattige land.
Regulering av markedsføring og reklame slik at omfanget reduseres.
Planløsninger i byer og tettsteder som er tilpasset alle befolkningsgruppers behov, særlig må barna og flere grønne lunger bli prioritert.
Hjelp oss med dine forslag og ideer Vi setter pris på innspill fra nettbrukerne våre. Har du en idé eller et forslag som kan forbedre nettsidene våre eller til saker som Framtiden i våre hender burde arbeide med, så del dem gjerne med oss. Fyll ut skjemaet under.